Fleirbrukshall og basseng i ytre del av Stad kommune - Uttale frå Flatraket IL og Selje IL

Postet av Selje IL den 13. Des 2022

Vi har i dag utarbeida eit felles skriv som vi har sendt til Idrettsrådet, kommuna og avisene.


Uttalen i si heilhet;

Til 

Stad Idrettsråd

Stad kommune

 

Symjebasseng og fleirbrukshall i Selje

 

Selje IL og Flatraket IL viser til fleire tidlegare innspel og uttaler vedr. symjebasseng og fleirbrukshall i Selje sentrum. Vi har med uro sett på utviklinga i bassengsaka den siste tida, og vil med dette skrivet bidra til at anlegga vert realiserte i samsvar med tidlegare planer, lovnader og vedtak.

 

Symjebasseng i Selje 

Heilt sidan bassenget på Selje skule vart stengt for snart 20år sidan har det vore svært mangelfull symjeopplæring for skulane i tidlegare Selje kommune. Etter mange års kamp og lovnader vedtok endeleg Selje kommunestyre å rehabilitere bassenget på skulen.  Byggestart var planlagt i mars 2020 og ferdigstilling innan utgangen av året. 

I februar 2020 vedtok Stad kommune å kansellere anbodet som var komt inn på rehabilitering, og gjekk inn for bygging av 25m basseng på Seljesanden i tilknytning til nytt hotell. Åra har gått og ein står av ulike grunnar på same stad i dag, snart 3år seinare. Politikarar og administrasjon har lova, gong etter gong, realisering av basseng i Selje sentrum.

Selje IL og Flatraket IL forventar at politikarane i Stad kommune no må få «spikra» basseng ein gong for alle. Ein kan like det eller ei, men det er eit faktum at Selje var kommunesenteret og ligg midt i tidlegare Selje kommune. Med eit basseng i Selje sentrum så vil avstanden frå alle deler av tidlegare Selje kommune vere så lik som råd er for alle. 

Vi har tillit til at politikarar og administrasjon i Stad kommune med respekt for seg sjølv, står på tidlegare lovnader og får landa basseng i Selje sentrum i kommunestyremøtet 15.12. Noko anna vil vere tidenes svik, særleg mot innbyggjarane i sørlege del av tidlegare Selje kommune. 

 

Fleirbrukshall i Selje

Fleirbrukshall i Selje sentrum har vore på agendaen i ca. 30år. Før midten av 90-talet var ein på nippet til å få gjennomslag for å byggje idrettshall i Selje. Men så kom Olivinhallen på Åheim, noko som førte til at realiseringa av idrettshall i Selje stoppa opp. 

Fleirbrukshall i Selje har lagt inne på alle kommunedelplaner i nærare 30år, og har om lag like lenge vore på langsiktig del i Fylkesdelplanen. Tidlegare Selje kommune er snart den einaste staden der det ikkje er bygt idrettshall i tidlegare Sogn og Fjordane.

Selje IL har opp gjennom åra jobba fram fleire ulike alternativ i høve idrettshall, men pga manglande kommunal støtte/finansiering og prioritering har ein ikkje kunna realisere draumen om idrettshall. Selje IL leverte i januar 2020 forprosjekt fleirbrukshall til Stad kommune. Selje IL brukte mykje midlar på å få utarbeida forprosjekt og hadde klare signal på at fleirbrukshall var realistisk å gjennomføre med kommunal medverknad. Fleirbrukshall Selje har lagt inne på handlingsprogram/investeringar Stad kommune i heile perioden.

Pga. vanskeleg økonomi i Stad kommune ser vi at det har vore krefter for å flytte realisering av fleirbrukshall i Selje lenger og lenger fram i tid eller kanskje stryke det. Det er på sin plass å minne om at det var eit uttalt mål ved kommunesamanslåinga, at ytre del av kommunen skulle få tilnærma same tilbod som indre del. I dette låg også realisering av symjebasseng og fleirbrukshall i Selje. 

 

Dersom Stad kommune vedtek å ikkje byggje basseng på Seljesanden eller rehabilitere bassenget på Selje skule, så må ein i fellesskap sjå på samlokalisering av symjebasseng og fleirbrukshall i Selje sentrum. Selje IL og Flatraket IL vil då, saman med sine støttespelarar og samarbeidspartnerar, i samarbeid med Stad kommune bidra til å realisere begge anlegga i Selje. 

 

 

Selje 13.12.22

 

for Selje Idrettslag                          for Flatraket Idrettslag

 

Magne Fure                                       Thomas Bigset

-leiar-                                                   - leiar-

 




Sponsornytt - Sparebanken Vest

Postet av Selje IL den 29. Nov 2022

Hei alle medlemer.

Vår sponsor og bank gjennom mange år ønskjer gjerne å kome i kontakt med medlemmane for å gje eit godt tilbod.

Sparebanken Vest er ein særs viktig bidragsytar til idrettslaget si drift og prosjektaktivitet, samt at dei støttar mange andre gode prosjekt i heile sin region. 

Vi heiar på Sparebanken Vest.

Ta kontakt med banken for eit godt tilbod.

Selje IL Ansattetilbud.pdf



Klubbveke hos Chatlet Sport1 på Nordfjordeid

Postet av Selje IL den 2. Apr 2022



Årsmøte 23. mars kl 18

Postet av Selje IL den 16. Mar 2022

INNKALLING ÅRSMØTE I SELJE IDRETTSLAG 

Onsdag 23. mars kl 18:00 Klubbhuset, 

Seljevegen 3797, Selje 

1. Konstituering 

2. Årsmeldingar 2021 

3. Rekneskap 2021 

4. Kontingentar 2022 

5. Budsjett 2022 

6. Styringsdokument og organisasjonsplan 

7. Vurdere tilsetjing av dagleg leiar 

8. Garasje og servicebygg ved stadion 

9. Val


Vel møtt!


Med venleg helsing

Styret i Selje Idrettslag
v/Magne Fure
Leiar



Tildeling frå Ildsjelfondet til Seljetrappene

Postet av Selje IL den 9. Feb 2022

Hyggjeleg overrasking frå Sparebanken Vest - Selje Idrettslag er tildelt kr 50.000 frå Ildsjelfondet til Seljetrappene. Eit viktig bidrag frå sponsoren vår gjer at vi er eit skritt nærmare realisering av prosjektet. 

Ove Hoddevik frå Sparebanken Vest og Magne Fure frå Selje Idrettslag

Foto: Henning Hansen, SPV



Årsmøte

Postet av Selje IL den 27. Jan 2022

Årsmøte i Selje IL er sett til 23. mars i klubbhuset.


Har du saker du ønskjer tatt opp må desse vere sendt styret innan 1. mars.


Valkomiteen startar no arbeidet sitt.
For å drive idrettslaget treng vi fleire frivillege. Det er fleire verv som er på val, og vi treng gode kandidatar. Det er givande å vere med å drifte laget, og med eit verv får ein sjansen til å vere med å forme det vidare arbeidet. 
I tillegg skulle vi gjerne sett at vi fekk fleire engasjerte til å drifte aktivitetane våre. Eksisterande aktivitet slit med å få til dei støtteapparata som trengs.
Og vi skulle gjerne hatt nye aktivitetar å tilby bygda. Har du sjølv eit ønske om ein aktivitet er kanskje du den ressursen som kan vere med å få den i gang.
Så vi oppfrodrar alle til å gje ein lyd til valkomitè eller styret om det er noko du kunne tenkje deg å bidra med. Om valkomiteen forespør deg om å ta på deg eit formelt verv håpar vi at du takkar ja og stille til val.
Idrettslaget er ein viktig aktør i aktivitetstilbodet i bygda, og vi treng aktive ressurspersonar for å drifte laget.


Styret treff du på post@seljeil.no og valkomiteen er samansett av Anita Furnes, Martin Hove, Lena Flølo og Lotta.


Med venleg helsing


Magne Fure
Leiar


Parkering ved klubbhuset

Postet av Selje IL den 27. Jan 2022

Selje Skule skal utføre anleggsarbeid på sin parkeringsplass i vekene framover.

Dei har avklart å få nytte plassen ved klubbhuset i den perioda anleggsarbeidet pågår.