Spelarutvikling

Postet av Belinda Sunde Fure den 15. Aug 2021

Selje IL er heldige som har fleire gode spelarar som vil bli enda betre, og som viser at trening og tålmod nyttar. Ein av dei er Kevin Hoddevik, som gjennom speling på sone og kretslag, no er med på Sogndal sitt nasjonal G16-lag.

Nasjonal G16 er ein landsomfattande turnering og vart oppretta før 2015-sesongen for å gje dei fremste 15- og 16-åringane ein betre kamparena. 

Nasjonal G16 serie skal først og fremst vere eit tilbod for dei beste spelarane i aktuelle årskull. Gjennom fri bruk av hospitantar for klubbane som deltar i Nasjonal G16 serie vert det eit godt sportsleg tilbod til dei beste spelarane som ikkje representerer toppklubbane. 

Mange av dei involverte kretsane utnytter Nasjonal G16-serie også til dommerutvikling. Dei er bevisste i bruken av unge lovande dommarar som får oppfølgjing av rettleiarar på utført jobb i den enkelte kamp. 

 

Sogndal nasjonal G-16 laget har denne veka spelt to kampar, ein mot  Haugesund 10. august og ein mot Start 14. august. Begge kampane enda 2 – 2.

I kampen mot Haugesund scora Kristian Stenhaug og Marius Åsebø kvar sitt mål og Sogndal kan reise heim med 1 poeng.

Troppen som var med mot Haugesund var:

Daniel Sætren, Aksel Gåsvær, Mathias Øren, Noah Heggestad, Kevin Hoddevik, Andreas Kalstad, Kristian Kongelf, Daniel Gjervik, Andreas Duesund, Kristian Stenhaug, Viljar Stavø, Felix Solheim, Marius Åsebø, Niklas Follevåg Berglund. 

 

I kampen mot Start er stillinga 0-2 til pause etter skåring av Andreas Duesund og Selje sin eigen Kevin Hoddevik. Start utligna i andre omgang og begge fekk 1 poeng kvar. 

Laget som starta:

Iver, Kevin, Noah, Mathias, Sander H, Andreas K, Enok, Daniel, Kristian K, Viljar, Andreas D., Martin W, Marius Ås, Markus B.

 

Vi reknar med å sjå Kevin i fleire kampar framover. Vi gledar oss!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.