Seier i serieopninga

Postet av Belinda Sunde Fure den 15. Aug 2021

Etter nesten 22 månadar er seriespelet endeleg i gong igjen. Selje leverte ein solid 3 - 1 seier i serieopninga. 

Ole Andreas Oen Solheim, Joakim Refvik og Oliver Kupen Skårbø sto for Selje sine mål og saman med resten av laget sikra Selje 3 poeng i første kampen. Banens beste vart Oen. 

Det var kjekt å få liv på bana igjen. Takk til publikum og dei frivillige som stilte opp slik at dette vart eit godt arrangement. 

Vi håpar på godt oppmøte og ny seier i neste heimekamp 29. august mot Eid kl. 13.00

Neste kamp laget skal ut i er borte mot Førde 22. august kl. 15.00

Vi gledar oss til resten av sesongen!

 Foto: Amalie Fure


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.