Fair Play-prisen og Blå diplom 2020

Postet av Amalie Fure den 3. Okt 2021

Til dagens kamp fekk vi besøk av Rune Sunde frå Sogn og Fjordane Fotballkrets. Han hadde med seg både Fair Play-prisen og Blå diplom for 2020. Desse vart ikkje utdelt i 2020 på grunn av korona. 

Fair Play-prisen blei klubben tildelt for fjerde gang etter målretta arbeid både på og utafor bana. Med prisen følgde ein sjekk på kr 10 000,-. 

Kriteriet for å få Blå diplom er at ein har hatt aktivt verv i klubb- og lagsamanheng i minst åtte år, og blei i dag tildelt Per Jarle Hoddevik og Cecilie Hoddevik. Dei har vore aktive og trufaste i Selje IL på mange områder i over 15 år.  

Gratulerer med både Fair Play-pris og Blå diplom!

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.