God start på serien

Postet av Amalie Fure den 1. Mai 2022

Det er 1. mai, og serien er endelig i gang for herrelaget. Dagen starta i klubbhuset, der alle spelarane samlast for å ete sunn og god mat ilag. Bra og viktig både med tanke på det sosiale og energi til å gje alt på bana. Tusen takk til Anne-Britt Drabløs Rekdal og Svein Arne Rekdal som organiserar og legger til rette for ei god oppladning før kamp. 

A-laget tok i dag mot Florø 2 i den første kampen, og det blei ein bra dag på heimebane. Sesongens første mål blei satt av Mohammed Ali, og til pause leda dei 2-0 etter straffe av Joachim Refvik på overtid. I andre omgang fekk Refvik to fine mål til, og kampen endte med ein solid seier på 4-0. Joachim blei også dagens Selje-spelar, gratulerer so mykje! 

Vi takkar A-laget so mykje for ein meget god start på serien, og gledar oss til resten av sesongen! 

Søndag 8. mai spelar laget borte mot Syril, og laurdag 14. mai spelar dei heime mot Dale. 

På søndag, 8. mai er det også heimekamp. Då tek damelaget imot Hareid på stadion. Ønska laget lykke til, og håpar på godt oppmøte på damelagets første heimekamp! 



Her er link til alle bilda frå dagens kamp: 

https://seljeil.idrettenonline.no/gallery/album?uid=1103480825&aid=90434


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.