2x tabelltopp

Postet av Amalie Fure den 8. Mai 2022

Idag, 8. mai har damelaget tatt imot Hareid på Selje Stadion. Dagen starta også for damelaget med ein god brunsj i klubbhuset før kamp. Tusen takk til Arnt Ove Lunde, Margreth Rundereim, Anette Lunde og Linda Rundereim Andersen som organiserte dagens brunsj!

Det var jamne lag, med mange sjanser på begge sider. Første målet kom frå Caroliny Santiago som gjorde det uavgjort til pause. I 2. omgang var Hareid gått opp i 2-1 før Mathea Berge Bøstrand (54`) utligna, og 10 min før dommaren blåste av sendte Katrine Lunde laget opp i ledelsen. 

Laget spelte spesielt bra i 2. omgang, og kampen endte 3-2 til Selje. Dagens selje-spelar blei Nora Wold Haugland i forsvar. Gratulerer til laget med seieren og til Nora som dagens spelar!

Takket vere ein solid frivillig innsats fekk vi til eit flott arrangement på stadion, og laget leverte ein god kamp og 3 poeng. 

Idag har vi også hatt ein bortekamp, der herrelaget besøkte Syril. Denne kampen såg ut til å ende 2-1 til heimelaget, der Selje sitt mål kom frå Joachim Refvik (57`). Kampen snudde brått like før slutt og med mål av Kenneth Pedersen (88`), og Johannes Osmundsvåg (91`) blei det 3 gode poeng å ta med seg heim. Gratulerer med seieren! 

Laga har hatt ein meget bra start på serien, med seiere i begge sine kampar. Stas å sjå Selje på topp av tabellen, både på herresida og damesida. 

Neste kamp på stadion er lørdag 14. mai kl. 15.00, der herrelaget tek imot Dale.

Damelaget har sin neste kamp 21. mai. Den er heime mot Stranda kl. 13.00.

Vi gleda oss til kampane og håpar på godt oppmøte på stadion! 

Link til resten av bilda frå kampen: https://seljeil.idrettenonline.no/gallery/slideshow?uid=1103480825&aid=90441&pid=662064&pcid=&colid=0


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.