SUNNIVAHALLEN så langt
Postet av Marilyn Osmundsvåg den 3. Sep 2023
Det er ei stor glede å sjå det store engasjementet som Sunnivahallen har gitt! Private og verksemder har støtta opp, og snart har vi klart å finansiere heile forprosjektet til kr 450 000.-! Det er fantastisk!
23.august hadde Selje IL møte med Stad kommune der vi fekk presentert prosjektet for administrasjonen, og der Stad idrettsråd òg var til stades. Administrasjonen jobbar no mot å legge dette prosjektet fram som ei politisk sak samstundes med saka om symjebasseng på Selje skule.
Vi ønskjer svært gjerne at Sunnivahallen skal vere eit fellesanlegg for alle dei tre skulekrinsane/idrettskrinsane i den ytre delen av Stad kommune. Flatraket IL har allereie meldt at dei vil være ein del av prosjektet, og 31.august hadde vi møte med Stadlandet IL, og inviterte også dei inn i prosjektet.
Sunnivahallen kjem til å bli ein stad der vi kan legge til rette for eit breitt idrettstilbod til born, unge og innbyggjarane elles. Det vere seg alt frå symjeopplæring til utvikling av gode symjeferdigheiter, å kunne drive med ulike idrettar heile året, og det å ha ein felles møtestad for både kultur og samhald på tvers av dei tre idrettskrinsane våre.
Dersom vi saman klarer å realisere eit slikt fellesprosjekt som Sunnivahallen er, vil det ha ei enorm stor betydning også for dei som skal bu og leve her lenge etter oss!
No håpar vi berre at politikarane ser kor stor verdi dette kjem til å ha for idretten, for folkehelse, for inkludering av born og unge, for bulyst og for utvikling generelt i vår del av kommunen!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.