Om oss

Selje Idrettslag er idrettslaget i Selje. Idrettslaget er aktivt i lokalsamfunnet med mellom anna fotball og friluftsliv.

Selje Idrettslag vart skipa i 1937 av handelsforeningsstyrar Joakim Sæbø. Han var ihuga nynorskmann, og difor heitte laget den første tida Selje Idrottslag. Selje Idrottslag avløyste eit lag som heitte Selje Idrettsforening, og før den tid hadde det vor eit lag i bygda som kalla seg ”Selje Kloster” og som óg arbeidde for idrettssaka. Laget fekk like før krigen hand om eit jordstykke på 10 dekar i Røysakvia til idrettsplass, men idrettsplassen vart ikkje opna før i 1956. Idrettsplassen fekk løpebane på 1960-talet, og grasdekke tidleg på 1970-talet. 

Kilde: alkunne.no

Foto: Amalie Fure