FJELLTRIM 2024

              TUR
           POENG
              SKILDRING
Risnakken
1133 m.o.h. Opplyst trapp frå Skogavegen. Ny tursti frå Djupedalen (rett ovanfor nedkøyrsla til byggefeltet). Dagsturhytte. Her kan du gå vidare til Klipet, Kyrkjehornet og Kvernhusdalen. 
Klipet
1180 m.o.h.. Med start t.d. frå ferist mellom "Nova" og vegen til Djupedals- feltet eller trappa frå Skogavegen. Kan kombinerast med ein tur i Kvernhusdalen eller mot Djupedalsvatnet til Orren.  
Kvernhusdalen3167 m.o.h. har posten ved utløpet frå Kvernhusdalsvatna. Rundt vatna har vi ei fin rundløype. Ta også turen bort på Kyrkjehornet for utsikta sin del . 
Kyrkjehornet
2170 m.o.h. Avstikkar frå Kvernhusdalen. Det er bratt på kanten, så ikkje gå for langt fram.
Orren
2400 m.o.h.. Er toppen mellom Djupedalsvatnet og Tarvaldseggja. Kortast vei er stien frå sidevei på Sandvikeidet. Blir ofte brukt som ein post på ruta til/frå Tarvaldseggja.  
Tarvaldseggja6645 m.o.h. Er nest høgste fjelltoppen i gamle Selje kommune, og er pr i dag best tilgjengeleg frå Sandvikeidet. Merka løyper opp. I mai i år startar sherpaer arbeidet med trapper i ura i øvste del av løypa.
Bergshornet
2340 m.o.h.. Er ein trimpost med fin utsikt over Bergsbygda og Moldefjorden. Merka sti frå 3. svingen på Sandvikeidet på Selje-sida.   
Nausane
4448 m.o.h. Kan nåast på merka sti frå Bergshornet mot aust eller på sti frå Sandvikeidet. Ta gjerne omveien om Søreggja med fin utsikt mot Selje. 
Søreggja
3400 m.o.h. Start t.d. i 3. svingen på Sandvikeidet. Følg bilvegen 100 m oppover og du ser merkinga på oversida av vegen. Litt bratt og myrete opp gjennom skogen. Fortsett langs fjellryggen innover fjellet. Ca 20 min på sti. Flott utsikt mot Moldefjorden og Selje.Har kan du gå vidare på rundløype Nausane Bergshornet og tilbake til utgangspunktet. Eit anna alternativ er å fortsette mot Sandvikeidet og krysse vegen og gå vidare til Orren og Tarvaldseggja.
Ryggjajorda
220 m.o.h.. Ligg like utanfor Årdalen. Dei som endå ikkje har gått fjøra frå Skårbø via Årdalen har ei oppleving til gode. Lett å gå, oftast lunt og godt, og heilt spesielt. For dei som ynskjer noko større utfordring, vil ein foreslå ein tur ut til Tårnet/ Liberrmannen, ein heilt spesiell steinformasjon nokre hundre meter utanfor Årdalsholmen. 
Libbera
8471 m.o.h. med oppstigning frå Ryggjajorda eller frå Liset/ Skårbø/Årdal. Turen kan også gå frå Dragseidet over Sjåstadvarden som er lettaste veien. Liberra har utruleg fin utsikt, og har ei spesiell utforming.
Geitahornet
7474 m.o.h. Ved den gamle kyrkjevegen Liset-Dragseidet er ein litt spesiell topp med utruleg fin utsikt. Tilkomst også frå Skårbø eller Liset.
Høgeggja
6414 m.o.h. frå Liset ein liten omvei på stien mot Geitahornet, langs den gamle kyrkjevegen Liset – Dragseidet.
Eidshornet
3530 m.o.h. når ein lettast ved å gå opp frå Mannseidet. Frå Eidshornet er det flott utsikt i alle retningar og ein fin tur mot nordaust til Steineggja.
Steineggja
5501 m.o.h. med utsikt mot Kvamsdalen og Vanylvsfjorden. Godt fiske nær ved i Krokevatnet. Det går sti vestover mot Nausane og Sandvikeidet.
Berstadhornet
6578 m.o.h. med kjempefin utsikt i alle retningar . Relativt lett å gå sørover frå Mannseidet.
Tua(Berstad)
2440 m.o.h. ein liten avstikkar på stien mot Berstadhornet.
Berstadvatnet
3159 m.o.h. I nordenden på vatnet. Opp frå Berstad.
Løypinga
6

280 m.o.h. i Berstaddalen opp frå Berstad langs den gamle postvegen til Bryggja
Kvamfjellet/Høgehornet
12774 m.o.h. Det er mange stiar som fører opp til høgaste fjellet i gamle Selje kommune, og varier gjerne. Merka og rydda sti opp frå Berstad, elles er det naturleg å gå opp frå eller helst ned til Løypinga.