Kampoppsett Seljecup 2025, 13.-15.juni
Postet av Selje IL den 1. Jun 2025
Velkommen til Seljecup 2025!
Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 29.gong. Påmeldinga til årets cup har vore rekordstor. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd er. Mange lag har stått på venteliste, og mange har dessverre ikkje fått plass pga. fullbooka i høve overnatting og/eller kampavvikling. Totalt ca.170lag, i klasser frå 6-14år, deltek på årets Seljecup. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 13.-15.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne.
Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!
Sjå kampoppsett Seljecup 2025, trykk på linken under:
https://www.profixio.com/app/seljecup-2025
10 - 14år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 01.06.
G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld.
G13, G14, J13, J14: Seriespel og avsluttande finale/bronsefinale. Sjå info. utsendt til laga pr. mail 01.06.
6 - 9år: Vi tek sikte på å legge ut kampoppsett for "Kongleriket" 6-9år mot slutten av veke 23.
Kongleriket-turnering søndag 15.juni. Over 80 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-ca.17.50.
G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant. Kunstgras ved skulen.
G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion.
med vennleg helsing
for Seljecup 2025
Atle Solheim
mail: post@seljefotball.no
(tlf. 992 47 687)
Seljecup 2025: aksjon "Kampen mot barnedemens"
Postet av Selje IL den 28. Mai 2025
Seljecup 2025: aksjon "Kampen mot barnedemens". Sjå pressemelding, trykk på linken under......
Pressemelding aksjon Barnedemens.docx
800 stk armband blir utdelt til deltakarar/overnattande lag, funksjonærar osv.
Seljecup/Selje IL rettar ei stor takk til alle støttespelarane våre, som til saman har bidrege med kr.70.000 til kampen mot barnedemens. Desse bidreg i aksjonen:
Sparebanken Norge
Coop Nordvest
Simona Stadpipe
Båtbygg
Ervik Group
UNU
Pelagia Selje AS
Toyota Nordfjord og Førde
Sætren AS
Bilbody AS
Kvernevik AS
Dragebygg AS
Rekdal Mekaniske
Nomil
Husevåg Rør
Svein Arne Rekdal
Vennersfest 17.mai
Årsmøte 2025 - saksliste og saksdokumenter
Postet av Selje IL den 11. Mar 2025
Selje idrettslag har kalt inn til årsmøte 18.mars 2025 kl 1830 i klubbhuset.
Saksliste og saksdokument( link i dokument ved å klikke):
Saksdokument for nokre av sakene:
Invitasjon og påmelding Seljecup 2025, 13.-15.juni
Postet av Selje IL den 1. Mar 2025
SELJECUP 2025, 13.-15.juni: Selje Idrettslag har igjen gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 29.gong. Vi kan sjå tilbake på ei fantastisk cuphelg i 2024 med rekorddeltaking, 171 lag og over 1300 spelarar. Vi takkar for alle gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar som deltok.
Vi har gleda av å invitere alle til ei ny flott cuphelg i Selje 13.-15.juni.
Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld... I fjor var det mange lag som dessverre ikkje fekk plass pga. sprengt kapasitet i høve overnatting og/eller kampavvikling.
Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2025! Invitasjon Seljecup 2025.pdf
Påmelding, trykk på linken under:
https://www.profixio.com/app/seljecup-2025
Klasser 10-16år: Har åpna for påmelding, sjå link over! Siste påmeldingsfrist 25.april. Hugs bestill A- eller C-kort ved påmelding. Påmeldingsavgift må betalast før laget er registrert.
Klasser 6-9år "Kongleriket": "Kongleriket" miniputt-turnering avsluttar årets Seljecup og blir arrangert søndag 15.juni frå ca. kl.14.00-18.00. Eigen invitasjon vert sendt ut til klubbar/lag ca. 1.mai. Cupen er gratis for alle lag påmeldt NFF Sogn og Fjordane, avd. Nordfjord 2. Meir info. om Seljecup, sjå cupens heimeside. Påmeldingsfrist "Kongleriket": innan torsdag 22.mai
Stor gåve til prosjekt Seljetrappene
Postet av Selje IL den 4. Des 2024
Selje Idrettslag blir tildelt kr.425.000 til prosjekt "Seljetrappene". Gåvemidlane kjem etter søknad til DNT Sogn og Fjordane / Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
DNT: "Eg gjekk ein tur på stien, er eit prosjekt som skal jobbe for å legge til rette for utvikling av turruter i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle".
Overlevering av gåvesjekken vart gjort av ordførar Stad kommune Judith Kvåle og Arild Vonheim.
Selje IL takkar så mykje for den storstilte og kjærkomne gåva. Den kjem godt med for at vi skal få realisert prosjektet slik som planlagt.