Stor gåve til prosjekt Seljetrappene

Postet av Selje IL den 4. Des 2024

Selje Idrettslag blir tildelt kr.425.000 til prosjekt "Seljetrappene". Gåvemidlane kjem etter søknad til  DNT Sogn og Fjordane / Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.  

DNT: "Eg gjekk ein tur på stien, er eit prosjekt som skal jobbe for å legge til rette for utvikling av turruter i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle".

Overlevering av gåvesjekken vart gjort av ordførar Stad kommune Judith Kvåle og Arild Vonheim. 

Selje IL takkar så mykje for den storstilte og kjærkomne gåva. Den kjem godt med for at vi skal få realisert prosjektet slik som planlagt. 





Seljecup 2025, 13.-15.juni

Postet av Selje IL den 3. Des 2024

Fantastisk cupsuksess i 2024 med rekorddeltaking 171 lag og ca. 1300 spelarar. No gledar vi oss til å kunne ynskje velkommen til Seljecup i 2025. Den tradisjonsrike og populære turneringa vert i 2025 arrangert for 29.gong, helga 13.-15.juni. Invitasjon og info. reknar ein med  å sende ut i februar. 

Vi veit at mange planlegg tidleg og vi har begynt å få henvendelsar med spørsmål om Seljecup 2025. Visst du har spørsmål, ynskjer å førehandsreservere plass før ordinær påmelding osv. er det berre å ta kontakt med oss.

Mailadresse: post@seljefotball.no   

Tlf. 99247687 




FairPlay-pris august -24

Postet av Selje IL den 27. Sep 2024

Selje IL v/kampvertar og støtteapparat er tildelt fotballkretsen sin FairPlay-pris for august. Les grunngjevinga for prisen på fotballkretsen si nettside: Månadens Fair play i august - Norges Fotballforbund 

 Selje IL hadde ei samling på klubbhuset i forkant av G15/17-kamp mot Måløy2. Spelarar, støtteapparat og kampvertar var til stades.

Lene Vabø Silden frå NFF Sogn og Fjordane delte ut prisen, til Selje IL v/kampvertar og støtteapparat: diplom, blomster, medisinveske.

Bildet frå venstre: Kampvertane Lena Landsverk Sande og Maj Britt Aam Hamre, Lene Vabø Silden NFF Sogn og Fjordane.




Selje Tine Fotballskule

Postet av Selje IL den 13. Sep 2024

Årets fotballskule vart arrangert for 20.år på rad, i fint sommarvær og med ca.55 deltakarar. Selje IL takkar trenarar og alle andre som var med og gjorde dette til eit kjekt og vellukka arrangement.




DELTAKAR-LISTE, Selje Tine Fotballskule 2024

Postet av Selje IL den 4. Sep 2024

Selje IL arrangerer fotballskule for 20.år på rad, lør.07.09 - søn.08.09.

NB! Sjekk at du er registrert. Ta snarast kontakt ved evt. endringar (tlf. 95235627                           mail: ritahatlenes@hotmail.com) eller (tlf.99247687  mail: post@seljefotball.no) 

Betaling ved påmelding/på førehand til Selje IL. Innbetaling til kontonr. 3845.07.10374 eller Vipps nr. 106986. Betalingsfrist innan onsdag 04.09. NB! Merk innbetaling med Tine fotballskule + namnet ditt!

Vi har endå plass til litt fleire deltakarar, meld frå snarast visst du vil delta.

Lørdag: oppmøte for registrering frå kl.10.30. Fotballskule frå 11.00-15.00

Søndag: fotballskule frå 10.00-14.00 (kamp J15/17 Selje-Vik kl.15.00)

Påmeldingsliste pr. 06.09 til Selje TINE-fotballskule 2024, sjå nedanfor:

NAMN                                                                FØDS.ÅR

Janneke Sol Eimstad (keeper)

2013  

Liam Skårbø Maurstad  (keeper)                 

2013

Sofia Villard Austring (keeper)

2014

Phoenix Michael Liaris (keeper)

2015

Theo Rundereim Træet

2018

Ulrik Kupen Hove

2018

Eliah Taklo (1 dag søndag)

2018

Tora Dorthea Svoren

2018

Lovise Sætren Vederhus

2018

Ane Mulen Rekdal

2018

Aria Iden- Hove

2018

Espen Olsen Fure

Alfred Myrseth Oldeide

2018

2018

Jakob Ruud       

2017

Vilhelm von Bonsdorff

2017

Theodor Silden      

2017 

Emil Alexander Rolland

2017

Josefine Austring

2016

Fiona Austring             

2016

Tuva Flølo (1 dag søndag)                  

2016

Selma Otnes

2016

Wassim Almughrabi

2016

Kayla Abdulkarim

2016

Elsa Bortne

2016

Evander Hatlenes Jørgensen

2016

Luca Taklo (1 dag søndag)

2016

Hannah Skårbø Maurstad

2015

Andrea Lykke Barmen

2015

Thea Mulen Rekdal       

2015

Frederikke von Bonsdorff

2015

Ragnheidur Finnsdottir Maack                                 

2015

Monja Otnes

2014

Lilli Bortne

2014

Mali Hamre        

2014

Julie Lillesalt Silden

Isabella Holme

2014

2014

August Ruud

William Haugen

Kristoffer Haugen

2014

2014

2014

Lukas Listhaug

2013

Levi Rundereim

2013

Victor Fonteles Drage

Daniel Haugen

2013

2013

Olai Flølo Drabløs

2012

Maja  Austring

2012

Patrekur Finnson Maack

2012

August von Bonsdorff

2012

Bastian Smenes                

2011

Daniel von Bonsdorff

2011

Malin Rundereim

2011

Mathias Kvamme

2011

Johanne  Hatlenes Åbø

2011

Andrine Nøstdal

2011

Mari Salt

2011

Mira Benedicte Berg

Jessica Sigerland

2011

2011

Ylva Flølo Drabløs                                       

2010

Tomine Silden

2010


 




Chatlet Sport klubbkveld mandag 26.08 frå kl.17.00

Postet av Selje IL den 21. Aug 2024

Klubbkveld på Selje Idrettspark

MANDAG 26. august frå kl. 17.00-19.30

Vi i Chatlet Sport1 Nordfjordeid tek turen til Selje førstkomande mandag. Kom på Selje Idrettspark for å få med deg to spennande kampar og få samtidig sjansen til å kjøpe klubbtøy og UMBRO-varer til ekstra gode rabattar.

Klubbkveld Selje IL 2024.pdf




INVITASJON: Tine Fotballskule 2024, lør-søn 7.-8.september

Postet av Selje IL den 8. Aug 2024

Selje IL arrangerer i år Tine Fotballskule for 20.gong på rad: 

- lørdag  7.september kl.11.00-15.00

- søndag 8.september kl.10.00-14.00. 

- Påmeldingsfrist innan mandag 2.september. Sjå informasjon, prisar og invitasjon, trykk på linken under: Invitasjon Tine Fotballskule 2024.

- Betaling ved påmelding/på førehand til Selje IL konto 3845.07.10374 eller Vipps nr. 106986. Betalingsfrist innan onsdag 04.09. NB! Merk innbetaling med Tine fotballskule + namn!

Vi ynskjer alle hjarteleg velkommen til fotballskulen vår! 

Sjå invitasjon og info., trykk på linken under:

Invitasjon Tine Fotballskule 2024.doc







Sjå flott Seljecup-film v/Fjordenes Tidende

Postet av Selje IL den 22. Jun 2024

Seljecup/Selje IL takkar Fjordenes Tidende for den flotte filmen som er laga frå årets Seljecup. Trykk på linken under og kos deg med Seljecup....

Her stiller over 200 frivillige opp for å gjennomføre cupen - FJT Play




Eventyrleg Seljecup!

Postet av Selje IL den 18. Jun 2024

Vi kan slå fast at Seljecup 2024 14.-16.juni vart ein ny kjempesuksess, og ei fantastisk cuphelg slik vi hadde håpa på. Aldri før har så mange delteke på Seljecup, over 1300 spelarar var med. Etter at to lag i Kongleriket trekte seg heilt på tampen, enda det på heile 172 lag som deltok på turneringa.

Vi er glade og stolte over måten arrangementet vart gjennomført på, alt gjekk "på skinner" heile helga. Vi rettar ei stor takk til alle våre dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det aldri gått. Til og med værgudane spelte på lag med oss, særleg på fredag og laurdag. Folk kosa seg på og rundt stadion, med bading på Seljesanden og alt anna som Selje hadde å by på. Eit par kraftige regnbyger søndag ettermiddag dempa ikkje idrettsgleda. 

Vi rettar ei stor takk til Selje Hotel Invest som lånte oss gratis lokaler til overnatting og til Stad kommune for lån av fleire kommunale bygg. Vi takkar alle deltakarlaga for god innsats og godt samarbeid. Vi set stor pris på alle dei flotte tilbakemeldingane som vi har fått på årets Seljecup. 

Vel blåst og velkommen til Seljecup 2025, 13.-15.juni!




Resultat sluttspel-klasser Seljecup 2024

Postet av Selje IL den 18. Jun 2024

J13/14

Måløy vann klasse J13/14 etter 1-0 mot SIF/Hessa i finalen.

A-sluttspel: 

nr.1 Måløy 1

nr.2 SIF/Hessa 

nr.3 Selje/Stadlandet

nr.4 Sula blå


B-sluttspel: 

nr.1 Måløy 2

nr.2 Måløy 1

nr.3 Bremanger

nr.4 Sula kvit


C-sluttspel: 

nr.1 Valder 1

nr.2 Valder 2

nr.3 SIF/Hessa rød

nr.4 Hareid


G13/14

Eid vann klasse G13/14 etter 4-1 mot Selje/Stadlandet i finalen

nr.1 Eid

nr.2 Selje/Stadlandet

nr.3 Blindheim

nr.4 Skodje svart

nr.5 Skodje gul

nr.6 Vanylven




Info. og program Seljecup 2024

Postet av Selje IL den 8. Jun 2024

Info. og program Seljecup 2024

Innsjekking: blått klubbhus/klatrepark ved stadion. Laga henvender seg i innsjekkinga ved ankomst og får utlevert div. info. og programhefte. Overnattande lag med C-kort blir vert vist til overnattingsstad etter innsjekking.

Nedanfor er utdrag frå Seljecup 2024 programhefte:

Cup-program 

 Fredag 14.juni

frå kl. 17.00                Mottaking/registrering av lag

frå 18.56-21.00           Kampar G10, J10, J11, G12

kl. 20.00-ca.22.30       Kveldsmat i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

 Laurdag 15. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

frå kl. 8.00                  Mottaking/registrering av lag

kl. 8.00-21.00             Klasse: G10, G11, G12, G13/14, J10, J11, J12,  J13/14 

frå ca. kl.12.00           Trikseshow laurdag og søndag

kl.12.00-15.00            Lunch i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

kl. 16.00-ca.20.00       Grillselskap. Servering av grillmat. Middag for overnattande lag med C-

                                    kort. 

kl.17.30 -                    Karoke m/DJ John Erik Strøm i Selje Samfunnshus

kl. 20.00-23.00            Cup-diskotek m/DJ John Erik Strøm i Selje Samfunnshus. 

                                   Aldersgrense 10-16 år. Gratis for alle cupdeltakarar.    

Søndag 16. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort. Adgang til å smørje                                          lunchpakke.

kl. 8.00-13.30             Klasse: G10, G11, G12, J10, J11, J12, Sluttspel G13/14 og J13/14. 

kl. 13.00-ca.17.00       Grillselskap. Servering av grillmat. 


”Kongleriket”-turnering 6-9år, kl.13.45-17.50: 

frå kl. 13.00                Mottaking/registrering av lag i miniklasser 6-9år.

kl.13.45-17.50            ”Kongleriket”-turnering med 82 lag på 14 baner. Klasse: G6, G7, J6, J7 spelar 3-ar på                                      6 baner m/vant ved skulen. G8, G9, J8, J9 spelar 5-ar på 8 baner på stadion. 


Matallergi/C-kort: Vi ber om at de melder frå på førehand visst det er matallergiar o.l. som det må takast omsyn til. Kontakt: anne_britt_65@hotmail.com eller tlf. 95844684.

Aktivitetar/program på Seljecup 2024:  Trikseshow. Hoppeslott. Boblefotball. Radarmåling. Aktivitetar. Klatrepark v/stadion. Grillselskap laurdag og søndag ettermiddag. Trekning av gåvepremiar.  Cupdiskotek. 

Serveringstilbod på Seljecup: Kiosk v/tribuna – Kafetelt v/skulen- Sal av grillmat laurdag og søndag ettermiddag 

Seljecup skapar gode minner!     Velkommen til Seljecup!




Kampoppsett Seljecup 2024, 14.-16.juni

Postet av Selje IL den 2. Jun 2024

Velkommen til Seljecup 2024!

Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 28.gong. Påmeldinga til årets cup har vore større enn nokon gong. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd. Mange lag har stått på venteliste, og mange har dessverre ikkje fått plass pga. fullbooka i høve overnatting og/eller kampavvikling. Det deltek 174 lag totalt på årets cup, noko som er ny deltakarrekord. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 14.-16.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore særs utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2024, trykk på linken under:

https://www.profixio.com/app/seljecup-2024 

10 - 14år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 02.06.                                      Revidert oppsett utlagt 12.06. Endra oppsett i G13/14 pga. trekt lag                            + enkelte små endringar i G10, J10, G11, G12.   

G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Nokre lag har også kamp fredag kveld. 

G13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, serie + finalerunde på søndag.

J13/14: For å kunne gje kamptilbod til alle påmelde lag så har vi måtta slå saman 13 og 14år til ei klasse. Spelar serie på laurdag, A-, B- og C-sluttspel på søndag.

6 - 9år: Kampoppsett for "Kongleriket" søndag, er utlagt 10.06. 

Kongleriket-turnering søndag 16.juni. 82 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.13.45-17.50.

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-6 med vant, Kunstgras ved skulen. 

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Kunstgras stadion. 8år: bane 7-11.  9år: bane 12-14.

med vennleg helsing

Seljecup 2024

Atle Solheim

mail: post@seljefotball.no  

(tlf. 992 47 687)




Årsmøte Selje IL onsdag 20.mars kl.18.30

Postet av Selje IL den 7. Mar 2024

 ÅRSMØTE SELJE IDRETTSLAG

Tid: onsdag 20.03.24, kl 18.30

Stad: klubbhuset til Selje idrettslag

 

1. Konstituering

a. Godkjenning av innkalling

Innkalling publisert på idrettslaget sin nettstad og fb-side 7.mars 2023

Framlegg til vedtak: innkallinga vert godkjent


b. Val av ordstyrar

Framlegg frå styret:  Marilyn Osmundsvåg


c. Val av skrivar

Framlegg frå styret: Monica Villard


d. Val av 2 personar til å skrive under protokoll

Framlegg frå styret: Kristoffer Hove og Anita Krakereid

 

2. Årsmelding

Presentasjon av årsmeldingar.

Styret si innstilling: årsmeldingane vert godkjent

 

3. Rekneskap 2023

Presentasjon av rekneskap for 2023. 

Styret si innstilling: rekneskapen for 2023 vert godkjent

 

4. Kontigentar

Styret si innstilling:

a) Endre alder for born som er inkludert i familiemedlemskap frå 17 til 18 år

b) Familiekontigenten forblir uendra; kr 450,- pr.familie

c) Dei øvrige kontigentane er uendra

 

5. Budsjett 2024

Presentasjon av budsjett 2024.

Styret si innstilling: budsjett 2024 vert godkjent


6. Oppfølging av vedtak i kommunestyret etter Selje IL sin invitasjon om samarbeid med å etablere ein fleirbrukshall i Selje

Saka var oppe i kommunestyret 15.12.23, der kommunestyret gjorde følgande vedtak: 

Stad kommunestyre ber administrasjonen gå i samtaler med Selje idrettslag for å finne ut hvordan Stad kommune kan stå for bassengdelen (opplæringsbasseng) i et samarbeid om å realiserer Sunnivahallen. Dette for å sørge for basseng til lovpålagt svømmeopplæring som en del av avtalen i sammenslåingen mellom Eid og Selje kommune. Saka kjem opp i 2024.

Styret si innstilling: Styret oppnemner ei hall-gruppe som skal vere i dialog med kommunen. Eit av medlemmane skal vere frå styret, og gruppa skal rapportere til styret. 

 

7. Val

Valnemda presenterer si innstilling. 




Kunngjering av Årsmøte 2024

Postet av Selje IL den 7. Feb 2024