Klubbkveld med Chatlet og heimekamp
Postet av Belinda Sunde Fure den 26. Apr 2022
Serien er godt i gang for laga våre. Forrige veke starta damelaget med bortekamp mot Hornindal og vant 13 -1. Aldersbestemte lag hadde 3 heimekampar.
Ein av desse kampane var torsdag kveld, då det også var klubbkveld ved kubbhuset. Vår samarbeidspartner Chatlet Sport tok med seg eit utval av bager, slippers, fotballar, bukser, jakker og andre treningskle. Ifølgje Stian Aaland vart det ein fin kveld i Selje med eit godt sal av klubbvarer.
Han tenkjer det er viktig å prioritere alle klubbar og samarbeidspartnarar like mykje, og har lenge planlagt å ha ein slik klubbkveld i Selje. -Vi hadde planar om det i både 2020 og 2021, men korona har satt ein stopper for det begge åra. Veldig kjekt å endelig få det til.
Vi takkar Chatlet Sport Nordfjordeid for ein flott klubbkveld og for eit godt samarbeid hittil.
Vi håpar folk støttar vår gode samarbeidspartnar.
Stian Aaland frå Chatlet var glad for å kunne klubbkveld i Selje.
J13/14 spelte mot Måløy.
Mohammed Ali var hoveddommar, Thea Sneide og Kine Grøttå var linjedommarar.
Her er oversikt over kommande kampar:
https://www.fotball.no/fotballdata/klubb/kamper/?fiksId=966
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Belinda Sunde Fure

Årsmøte for året 2021
28.03.2022

Klubbavtale med Chatlet Sport1
07.02.2022

Solid heimesiger mot Hornindal
17.09.2021

Spelarutvikling
14.09.2021

Tine Fotballskule 2021
22.08.2021