Stiprosjektet - Vi er i gong
Postet av Magne Fure den 14. Aug 2022
Stiprrosjektet er i gong. Vi får mest sannsynleg sherpaer til hausten som då vi bygge trapp gjennom ura.
Vidare har vi starta arbeidet med å utbetre stien frå Risnakken og opp til vassverket. Her blir det no grøfta og drenert i våte parti før vi legg duk og bark på toppen for å få eit mjukt og drenerande dekke å gå på.
Grøftejobben er allereie starta frå toppen og går nedover mot Risnakken.
For å kome til frå Klipet til Risnakken må det ryddast litt langs traseen. Her kallast det inn til dugnad for å gjere den jobben. Vi vil også rydde litt på utsiktspunkta, slik at vi igjen opnar for utsikt.
Vi treng folk med handsag, øks og motorsag .for rydding, samt hender til å dra unna og rydde vekk greiner. Vi håpar at vi får mobilisert litt folk til denne jobben.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Magne Fure

Årsmøte 30. mars
05.02.2023

Ekstraordinært årsmøte - 23. januar
09.01.2023

Tine fotballskule 2022
22.08.2022

Handball - invitasjon frå Åheim IL
21.06.2022