Eventyrleg Seljecup!

Postet av Selje IL den 18. Jun 2024

Vi kan slå fast at Seljecup 2024 14.-16.juni vart ein ny kjempesuksess, og ei fantastisk cuphelg slik vi hadde håpa på. Aldri før har så mange delteke på Seljecup, over 1300 spelarar var med. Etter at to lag i Kongleriket trekte seg heilt på tampen, enda det på heile 172 lag som deltok på turneringa.

Vi er glade og stolte over måten arrangementet vart gjennomført på, alt gjekk "på skinner" heile helga. Vi rettar ei stor takk til alle våre dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det aldri gått. Til og med værgudane spelte på lag med oss, særleg på fredag og laurdag. Folk kosa seg på og rundt stadion, med bading på Seljesanden og alt anna som Selje hadde å by på. Eit par kraftige regnbyger søndag ettermiddag dempa ikkje idrettsgleda. 

Vi rettar ei stor takk til Selje Hotel Invest som lånte oss gratis lokaler til overnatting og til Stad kommune for lån av fleire kommunale bygg. Vi takkar alle deltakarlaga for god innsats og godt samarbeid. Vi set stor pris på alle dei flotte tilbakemeldingane som vi har fått på årets Seljecup. 

Vel blåst og velkommen til Seljecup 2025, 13.-15.juni!