Åheim/Selje mot HaNo/Harøy 17. oktober

Postet av Amalie Fure den 17. Okt 2021

Åheim/Selje sitt A-lag har i dag spelt kamp på Selje Stadion mot HaNo/Harøy. På grunn av mangel på spelarar blei det spelt 9`ar og ikkje 11`ar. 

Det var jamne lag som møtte kvarandre i dag, men HaNo fekk litt for mykje overtak i 2. omgang. Resultatet etter 45 minutt var 3-3, og endte 3-4 etter 90 minutt. Dagens Åheim/Selje-spelar blei kapteinen Sofie Hove. 

Kampens målscorarar for Åheim/Selje var Katrine Lunde, Jeanette Taklo og Tiril Hasund, som fekk eit mål kvar. 

Dommarane på bana i dag er verdt å merke seg. Hovuddommar var Oddbjørn Aam, og på sidene hadde han med seg barnebarna Kristoffer og Sigurd Aam Hamre. 

Neste kamp for laget er laurdag 23. oktober mot Stranda på bortebane. 

Neste kamp på stadion er 30. oktober, og damene møter Hareid.

Sesongens siste kamp er 7. november. Det er også heimekamp, og laget møter Aksla. 

Ønsker Åheim/Selje sitt A-lag masse lykke til resten av sesongen!

Fleire bilder ser du her


Alle foto: Amalie Fure



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.