Fjelltrim


Selje Idrettslag har fleire merka turstiar i dei flotte fjella som omgjev Selje. Du kan registrere deg på til saman 20 postar. Registreringa skjer i appen Georeg. 

Ved årsslutt er turglade medlemmer som har registrert seg på minst 16 av 20 postar med i trekninga av flotte premiar. Turstiane er tilgjengelege for alle, og vi ynskjer flest mogleg ut på tur, men for å vere med i trekninga må ein vere medlem i Selje Idrettslag. Medlemskapet bidreg mellom anna til vedlikehald av turstiane. Sjå BLI MEDLEM.

Der ligg framleis boksar med bøker og blyant på alle postane. Vi veit at både medlemmer og besøkande set pris på å skrive seg inn i bøkene, eller sjå kven andre som nyleg har vore på tur. 

Om du er besøkande og ynskjer å støtte det viktige dugnadsarbeidet kan du betale kr 100,- til VIPPS #106986 og merke betalinga "Fjelltrim". 

Last ned appen og registrer deg på GEOREG, så er du i gang!


"Mist for all del ikke lysten til å gå. Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den". Søren Kierkegaard.


Vi ynskjer alle gode turar!