Grasrottrenar UEFA C, delkurs 3

Postet av Selje IL - Fotball den 8. nov 2026

I samarbeid med NFF Sogn og Fjordane har Selje IL arrangert Grasrottrenarkurs UEFA C delkurs 3 (Mot ungdom - lengst mogeleg) i Selje over 3 kurskveldar. 10 deltakarar deltok, kursleiar Erling Åbø.

Grasrot UEFA C delkurs 4 tek ein sikte på å arrangere over nyttår.





Årsfestar

Postet av Selje IL - Fotball den 8. nov 2026

Det er tid for avslutning av sesongen og gje velfortent heider til spelarar, trenarar, lagleiarar og andre frivillege:

* Årsfest senior, A-lag og damelag, lørdag 14.11 kl.18.00 på klubbhuset.

* Årsfest aldersfastlagde lag torsdag 26.11 frå kl.17.30 på klubbhuset. Invitasjon vert snart sendt ut.





Selje spelar kvalifisering til NM menn 2028

Postet av Selje IL - Fotball den 7. nov 2026

16 lag frå Sogn og Fjordane spele i kvalifisering til NM menn 2028. Av desse er dei 4 beste laga i 5.div. 2026: Vik, Askvoll, Syril, Selje. Det blir spelt to kvalifiseringsrundar, og ein runde med to Playoff-kampar. Dei to vinnarane av Playoff-kampane er i lag med Sogndal kvalifisert til 1. runde NM 2028.Det betyr at Sogn og Fjordane får med tre lag i 1. runde NM menn 2028.

1. kvalifiseringsrunde er terminfesta til laurdag 13. mars, medan 2. kvalifiseringsrunde er terminfesta til laurdag 3. april.

                                                                                                        Foto: www.haugenfotball.no

Laga som skal spele kvalifisering ti NM menn 2028:
Førde

Fjøra

Stryn

Eid

Høyang

Florø

Årdal

Jølster

Kaupanger

Sandane

Dale

Måløy

Vik

Askvoll

Syril

Selje

Sogndal er direkte kvalifisert til 1. runde NM menn 2028.






Seljecup 2027, 11.-13.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 7. nov 2026

30-årsjubileet i 2026 vart ein kjempesuksess med rekorddeltaking, over 190 lag og ca.1400 spelarar. No gledar vi oss til å ynskje velkommen til Seljecup i 2027, helga 11.-13.juni. Invitasjon og info. reknar ein med  å sende ut i februar.

Vi veit at mange planlegg tidleg og vi har begynt å få henvendelsar med spørsmål om Seljecup 2027. Visst du har spørsmål, ynskjer å førehandsreservere plass før ordinær påmelding osv. er det berre å ta kontakt med oss.

Mailadresse: post@seljecup.no  

Tlf. 99247687




Selje-Sandane/Jølster mandag 12.10 kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 9. okt 2026

Etter ein god sesong er Selje på ein fin 4.plass på tabellen med 24 poeng etter 14 kampar (7 seier, 3 uavgjort, 4 tap). Sandane/Jølster har 30 poeng etter 15 kampar. Så det ligg an til å bli ei spennande avslutning på sesongen. 

Velkommen til årets siste heimekamp! 

Dagens kampprogram vert lagt ut her på sida og under fliken Kamp:

Kampprogram Selje-SandaneJølster 12.10.26.pdf