Fleirbrukshall og basseng i ytre del av Stad kommune - Uttale frå Flatraket IL og Selje IL

Postet av Selje IL den 13. Des 2022

Vi har i dag utarbeida eit felles skriv som vi har sendt til Idrettsrådet, kommuna og avisene.


Uttalen i si heilhet;

Til 

Stad Idrettsråd

Stad kommune

 

Symjebasseng og fleirbrukshall i Selje

 

Selje IL og Flatraket IL viser til fleire tidlegare innspel og uttaler vedr. symjebasseng og fleirbrukshall i Selje sentrum. Vi har med uro sett på utviklinga i bassengsaka den siste tida, og vil med dette skrivet bidra til at anlegga vert realiserte i samsvar med tidlegare planer, lovnader og vedtak.

 

Symjebasseng i Selje 

Heilt sidan bassenget på Selje skule vart stengt for snart 20år sidan har det vore svært mangelfull symjeopplæring for skulane i tidlegare Selje kommune. Etter mange års kamp og lovnader vedtok endeleg Selje kommunestyre å rehabilitere bassenget på skulen.  Byggestart var planlagt i mars 2020 og ferdigstilling innan utgangen av året. 

I februar 2020 vedtok Stad kommune å kansellere anbodet som var komt inn på rehabilitering, og gjekk inn for bygging av 25m basseng på Seljesanden i tilknytning til nytt hotell. Åra har gått og ein står av ulike grunnar på same stad i dag, snart 3år seinare. Politikarar og administrasjon har lova, gong etter gong, realisering av basseng i Selje sentrum.

Selje IL og Flatraket IL forventar at politikarane i Stad kommune no må få «spikra» basseng ein gong for alle. Ein kan like det eller ei, men det er eit faktum at Selje var kommunesenteret og ligg midt i tidlegare Selje kommune. Med eit basseng i Selje sentrum så vil avstanden frå alle deler av tidlegare Selje kommune vere så lik som råd er for alle. 

Vi har tillit til at politikarar og administrasjon i Stad kommune med respekt for seg sjølv, står på tidlegare lovnader og får landa basseng i Selje sentrum i kommunestyremøtet 15.12. Noko anna vil vere tidenes svik, særleg mot innbyggjarane i sørlege del av tidlegare Selje kommune. 

 

Fleirbrukshall i Selje

Fleirbrukshall i Selje sentrum har vore på agendaen i ca. 30år. Før midten av 90-talet var ein på nippet til å få gjennomslag for å byggje idrettshall i Selje. Men så kom Olivinhallen på Åheim, noko som førte til at realiseringa av idrettshall i Selje stoppa opp. 

Fleirbrukshall i Selje har lagt inne på alle kommunedelplaner i nærare 30år, og har om lag like lenge vore på langsiktig del i Fylkesdelplanen. Tidlegare Selje kommune er snart den einaste staden der det ikkje er bygt idrettshall i tidlegare Sogn og Fjordane.

Selje IL har opp gjennom åra jobba fram fleire ulike alternativ i høve idrettshall, men pga manglande kommunal støtte/finansiering og prioritering har ein ikkje kunna realisere draumen om idrettshall. Selje IL leverte i januar 2020 forprosjekt fleirbrukshall til Stad kommune. Selje IL brukte mykje midlar på å få utarbeida forprosjekt og hadde klare signal på at fleirbrukshall var realistisk å gjennomføre med kommunal medverknad. Fleirbrukshall Selje har lagt inne på handlingsprogram/investeringar Stad kommune i heile perioden.

Pga. vanskeleg økonomi i Stad kommune ser vi at det har vore krefter for å flytte realisering av fleirbrukshall i Selje lenger og lenger fram i tid eller kanskje stryke det. Det er på sin plass å minne om at det var eit uttalt mål ved kommunesamanslåinga, at ytre del av kommunen skulle få tilnærma same tilbod som indre del. I dette låg også realisering av symjebasseng og fleirbrukshall i Selje. 

 

Dersom Stad kommune vedtek å ikkje byggje basseng på Seljesanden eller rehabilitere bassenget på Selje skule, så må ein i fellesskap sjå på samlokalisering av symjebasseng og fleirbrukshall i Selje sentrum. Selje IL og Flatraket IL vil då, saman med sine støttespelarar og samarbeidspartnerar, i samarbeid med Stad kommune bidra til å realisere begge anlegga i Selje. 

 

 

Selje 13.12.22

 

for Selje Idrettslag                          for Flatraket Idrettslag

 

Magne Fure                                       Thomas Bigset

-leiar-                                                   - leiar-

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.