Kampoppsett Seljecup 2026, 12.-14.juni

Postet av Selje IL den 2. jun 2026

Velkommen til Seljecup 2026!

Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til 30års-jubileum for Seljecup. Påmeldinga til årets cup har vore større enn nokon gong. Vi har prøvd å finne plass til så mange lag som råd er. Veldig mange lag har stått lenge på venteliste, men det har dessverre  ikkje vore mogeleg å få med fleire. Dette pga. fullbooka i høve kampavvikling, overnatting m.m. Totalt over 190 lag, i klasser frå 6-16år, deltek på årets Seljecup. 

Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 12.-14.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore svært utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er veldig mange hensyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar! Vær obs på at for å optimalisere oppsettet i klasse 10-14år er det mange kampar der lag frå ulike puljer er mixa.

Sjå kampoppsett Seljecup 2026, trykk på linken under:

Seljecup 2026 - Profixio

10 - 16år: Kampoppsett for fredag-søndag, er utlagt pr. 02.06.  

G10, G11, G12, J10, J11, J12: Seriespel. Sjekk om ditt lag også har kamp fredag kveld.

G13, G14, J13: Seriespel og sluttspel.  G14: nokre lag har kamp fredag kveld.

G15/16: Spelar kampar fredag kveld. 


6 - 9år: Kampoppsett for Kongleriket søndag 14.juni (etter at Hovudturneringa er ferdig)

Kampoppsett KONGLERIKET, er utlagt pr. 08.06. Rekordpåmelding med heile 93 lag. Kampane blir spelt på 15 baner søndag ettermiddag, sjå kampoppsett og utsendt informasjon pr. mail. 

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar. Bane1-7 med vant. Kunstgras ved skulen. 

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar. Bane 8-15. Kunstgras stadion.