Faktura i nytt system

Postet av Stine Hamre den 17. Mar 2023

Heisann!

No kjem straks medlemskontigent/avgift frå nytt system. Grunnen til dette er nye regler frå i år, som seier at dersom idrettslaget ikkje fakturerer medlemskontigent/avgift og deltakeravgift gjennom Norges idrettsforbund sitt klubbadmin, kan en risikere avslag på diverse søknader om støtte og mva kompensasjon, i tillegg til tap av medlemsskap i Norges idrettsforbund.

Den nye fakturaen kjem ikkje frå Selje idrettslag direkte, men frå Buypass, som Norges idrettsforbund bruker. Det vil difor være eit ukjent kontonummer som overfører videre til idrettslaget. Dokke vil få en mail med informasjon og en faktura. Det er ikkje mulig å sjå kven fakturaen er frå før den blir åpna. Dersom en har betalt til Buypass før, kjem fakturaen automatisk som efaktura i nettbanken og/eller vipps. Viss ikkje kjem den på mail. Dersom ein ønsker efaktura, noko som gjer det enklare å huske på å betale, kan dette veljast i nettbanken ved betaling av faktura.

Dette gjeld pr no ikkje saltrening.

Dersom nokon har spørsmål er det berre å ta kontakt. Enten det gjelder beløp, om du vil være medlem eller ikkje o.l

95140597, stinehamre@gmail.com eller messenger.

Tusen takk til alle sammen for at dokke vil være medlem i Selje idrettslag:)




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.