Bambusa

Postet av Stine Hamre den 19. Mai 2023

Heisann folkens!

På tide å finne fram dugnadsånda 💪


BAMBUSA


Det er mange måtar å støtte idrettslaget vårt på. Bambusa er sokkar av god kvalitet, laga av eit slitesterkt og godt materiale. 

Idrettslaget treng inntekter utanom medlemsavgifta, slik at dette er ein måte de som medlem er med på å bidra.

Kvar familie/enkeltmedlem kjøper ein pakke til kr 1000.-. No kan de selje sokkane vidare til vener og familie, eller de kan behalde dei sjølve. Familiar med fleire medlem kan kjøpe ein pakke. Poenget er at de støttar idrettslaget med 500 kroner, og så er det ei kjempefin gåve som er kjekt å gje vekk til nokon du er glad i! :)

Vi håpar dette vert godt tatt i mot, og at de syns dette er ein positiv måte å vere med på denne økonomiske dugnaden på.



Beste helsing

Styret i SIL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.