Flott oppstart UEFA Playmakers
Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mar 2026
I samarbeid med fotballkretsen arrangerte Selje IL-fotball oppstart av UEFA Playmakers på torsdag. Vårin Ness frå fotballkretsen hadde fyrst møte med trenarar og medhjelparar på klubbhuset, før demoøkt i gym.salen med ein god gjeng ivrige jenter f.2017-2020. Som avslutning på økta fekk spelarane med seg eventyrpass, der dei kan lese og teikne frå økta, der historia i Disney-filmen om Vaiana var utgangspunktet. Klubben fortset UEFA Playmakers med fleire økter etter påske.
Sjå også kva kretsen skriv på sine facebooksider...



Med på økta hadde vi også Anna og Vlada frå Ukraina som trenarar. Dei to 15-åringane har aldri spela fotball sjølve, men bidrog strålande inn i økta, og ikkje minst: dei gler seg til å vere med vidare i UEFA Playmakers!

Sjå kva kretsen skriv på si facebook-side:
Siste fra Selje IL - Fotball
Leiarkurs 1 i Selje, tysdag 7.april
25.03.2026
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2026
24.03.2026
To dommarkurs i Selje
04.03.2026
UEFA Playmakers
02.03.2026