13.04: Offisiell opning ny kunstgrasbane
Postet av Selje IL - Fotball den 13. Apr 2014
Selje IL føretok laurdag offisiell opning av den nye kunstgrasbana som vart bygd i april 2013. Opninga markerte også at grusbana ved skulen fekk kunstgras i fjor, då deler av det gamle dekket vart lagt der. Kretsleiar Sogn og Fjordane Fotballkrets, Robert Endestad, føretok den offisielle opninga (flankert av Seljespelarane Oliver og Isabell) då dei braut det kvite og blå bandet. (foto: www.haugenfotball.no)
Byggjenemnd for anleggsprosjekta har vore, frå venstre: Atle Solheim, Ola Hove, Svein Kåre Aarsheim, Erik Midtgaard, Arne Hjertenes. (foto: www.haugenfotball.no)
"Keeper" Ordførar Ottar Nygård greidde ikkje å stoppe skota frå dei tre straffeskytterane. (foto: www.seljefotball.no)
Ola Hove og Svein Kåre Aarsheim rullar ut kunstgraset...... (foto: www.seljefotball.no)
Selje kommune helsa og gratulerte med det nye flotte anlegget. (foto: www.seljefotball.no)
Kretsleiar Robert Endestad gratulerte og rosa Selje IL for flott arbeid. Både med bygginga av ny flott kunstgrasbane og med FairPlay-arbeidet i klubben.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024