15.09: Selje - Eid2, 3-0
Postet av Selje IL - Fotball den 15. Sep 2013
Selje tok ein ny seier på heimebane i dag med solide 3-0 mot Eid2. Stillinga ved pause var 2-0 til heimelaget. Flott kamp og laginnsats sørga for tre fortente poeng. Bildet: Joachim Refvik scora hat-trick, og Luke Owen debuterte som keeper.
5min 1-0 Joachim Refvik
25min 2-0 Joachim Refvik
85min 3-0 Joachim Refvik
Seljetrenar Idar Taklo var svært fornøgd med dagens kamp: "Vi spelte ein solid kamp frå start til slutt, og eg følte meg ganske trygg på at dette skulle gå vegen. Dette var ein skikkeleg lagseier, med god jobbing, holdning og heilhjerta innsats. Vi var godt organiserte defensivt og skapte sjansar framover. Dette var kjekt og ein fin opptur.
Utespelar Jon Anders har hjelpt oss i mange kampar no som keeper og fortener all honnør for jobben, og det var kjekt for han igjen å få spele ute i dag. Debutant Luke heldt nullen og gjorde eit solid inntrykk. Tremålsscorar Joachim sette forsvaret på prøve mange gonger, men dette var fyrst og fremst ein stor lagseier der alle gjorde ein god kamp", avsluttar ein fornøgd trenar.
Engelske Luke John Owen jobbar for tida i Selje og vart speleklar denne veka. Luke kjem frå den svenske klubben Morøn Bk i Skellefteå.
Seljes lag: Luke Owen, Martin Hove, Espen Nøstdal, Aleksander Kvernevik, Kriostoffer Hove, Are Berstad, Runar T. Aarsheim, Jon Anders Gulbransen, Saron Osmundsvåg, Joachim Refvik, Martin Grøttå.
Benytta reservar: Magnus Rye, Jan Kristian Apelseth, Silviu Iacob, Jonas Beitveit.
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024