26.05: Selje-Hornindal 5-1
Postet av Selje IL - Fotball den 26. Mai 2013
Seljetrenar Idar Taklo var svært godt fornøgd med gjennomføringa av dagens kamp: "Vi spelte ein fantastisk 1.omgang med mykje flott fotball, og skapte 7 store målsjansar i tillegg til dei 4 måla. Vi lukkast ikkje så godt i 2.omgang, då hadde Hornindal justert seg litt, og vi fekk ikkje til same balltempoet som før pause. Men eg føler vi hadde god kontroll, og gjennomførte ein grei omgang".
"Eg synest heile laget gjorde ein flott kamp i dag, og unggutane våre fortset å utvikle seg. Juryen hadde mange spelarar å velje i når dei skulle kåre dagens Seljespelar. Den andre scoringa til Kenneth var verdt inngangsbilletten åleine. Han såg at keeper stod langt ute og smelte til frå midtstreken, ballen gjekk som eit prosjektil, i boge over keeper og i mål".
"Vi lova i kampprogrammet at vi skulle skape gode øyeblikk og opplevingar utover våren, og det fekk publikum i dag", avsluttar ein nøgd Seljetrenar.
Kampfakta:
1-0 11min Are Berstad
2-0 24min Kenneth Pedersen
3-0 29min Kenneth Pedersen
4-0 38min Martin Grøttå
4-1 49min Sturla Børge Lødøen
5-1 75min Martin Grøttå
Dommar: Ragnar Åmot, Jølster IL
Tilskodartal: 75
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Kenneth Pedersen
Selje: Erling Åbø, Martin Hove(Magnus Rye frå 75min), Saron Osmundsvåg, Andreas Teigen (Vegard Elde frå 36min), Johannes Osmundsvåg, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Martin Grøttå (Silviu Iacob frå 84min), Aleksander Kvernevik (Jonas Beitveit frå 46min), Are Berstad, Kenneth Pedersen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024