18.02: Ny kunstgrasbane i 2013
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Feb 2013
Det var godt oppmøte på det ekstraordinære årsmøtet. Etter at leiar i Hovudstyret Adrian Mortensen hadde gjort unna alle formalia, la leiar i Fotballgruppa Atle Solheim fram saka for årsmøtet. Årsmøtet fekk ei grundig gjennomgåing av bl.a.:
- Kort historisk tilbakeblikk til 2003 då nye Selje Idrettspark vart bygd
- Datoar, møter, arbeid/utarbeiding av planer og tippemiddelsøknader det siste året
- Tilstandsrapport utarbeida av NFF i samarbeid med Selje IL, som konkluderer med at bana er sterkt slitt og treng rehabilitering
- Kostnadsoverslag og finansiering tippemiddelsøknad
- Tre tilbod frå leverandørar av kunstgras
- Selje IL sin økonomiske situasjon, rekneskap siste åra, status på ekst. lån, lånevilkår nytt lån og kva dei totale utgiftene blir for Selje IL kvart år framover
Det ekstraordinære årsmøtet gjekk, med 26 mot 1 røyst, inn for å rehabilitere kunstgrasbana i 2013 og ta opp lån i Sparebanken Vest.
Det skal nedsettast ei byggjenemnd for prosjektet som skal stå for vidare framdrift.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024