06.02: Per Ravn Omdal delte ut FairPlay-prisen 2012
Postet av Selje IL - Fotball den 6. Feb 2013
Selje IL fekk utdelt FairPlay-prisen 2012, på ei høgtideleg og flott tilstelning i Selje samfunnshus tysdag kveld. Per Ravn Omdal stod for overrekkinga. Han heldt eit engasjert innlegg om FairPlay, og rosa Selje IL for sitt arbeid. Gode ord og gåver også frå Sogn og Fjordane Fotballkrets, Selje kommune v/ordførar og Hovudsponsor Sparebanken Vest.....bilde: www.haugenfotball
Arrangementet i Selje Samfunnshus samla mykje folk og det vart ei flott markering av at Selje IL vart kåra til "Årets FairPlay-klubb" i Sogn og Fjordane i 2012. bilde: www.haugenfotball
Programmet starta med at leiar Hovudstyret, Adrian Mortensen, ynskte alle dei frammøtte velkommen. Deretter fortalde Atle Solheim frå Norwaycup 2005 og viste videosnutt då Per Ravn Omdal uvventa stilte opp på kvartfinalekamp. Kampen enda 0-0 og gjekk til sudden-death, etter at Selje hadde dominert heile kampen men ikkje greidd å score. Uheldigvis vart det til slutt 0-1 tap, semifinaledraumen brast og spelarane var lei seg. Då var Per der. Han gav seg god tid og trøsta spelarane etterpå i beste FairPlay-ånd. Flott gjort! Bilde:www.seljefotball
Etter dette presenterte Selje IL fakta om klubben anno 2012/2013. Så gjekk leiar i Fotballgruppa, Atle Solheim, gjennom FairPlay-handlingsplanen til klubben, viste bilder og snakka om korleis Selje jobba med FairPlay som "ein raud tråd". Til slutt vart det vist ein film med bilde, videosnuttar og musikk som presenterte klubben og viktige arrangement.
Innslag v/spelarar: song v/Johannes Osmundsvåg med dansarane Ann-Lovise Moldestad, Aurora Austring og Mariell Halsebakk (frå kabareten til 10.klasse).
Per Ravn Omdal fekk så ordet. Han snakka engasjert og varmt om FairPlay og betydninga av fotball og det haldningsskapande arbeidet som vert gjort. Han rosa Selje IL for framifrå arbeid med FairPlay. Det synlege beviset på Årets FairPlay-klubb 2012 var ein plakett, overrekt av Per Ravn Omdal til Selje IL, flankert av alle FairPlay-spelarane som har vore kåra i klubben i 2011 og 2012. Ein stor dag for alle i klubben! "Denne skal få heidersplassen i klubbhuset", sa Atle Solheim bl.a. då han takka for prisen. bilde: www.haugenfotball
Det var fleire som også ville gratulere Selje IL med dagen: Gode ord og blomster frå Fotballkretsen v/Rune Sunde og Selje kommune v/ordførar Ottar Nygård. Hovudsponsor Sparebanken Vest v/Tom-Øyvind Solheim overrekte gåve som var 4 samanleggbare småmål. bilde: www.haugenfotball
bilde: www.haugenfotball
Adrian Mortensen runda av og takka alle for ei flott prisutdeling. bilde: www.haugenfotball
Spesielt inviterte gjester deltok deretter på middag på klubbhuset. Her fortalde bl.a. Per Ravn Omdal om sitt internasjonale arbeid med å skape fotballaktivitet og fotballskular for gutar og jenter, i land som Vietnam og Irak. Spennande å høyre på denne fantastiske ambassadøren for fotball og FairPlay! Middagen vart avslutta med "FairPlay-dessert". Stor takk til kokkane våre, Anne-Britt/Svein Rekdal. Bilde:www.seljefotball
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024