03.01: Selje IL startar FairPlay barneklubb
Postet av Selje IL - Fotball den 3. Jan 2013
Selje IL startar frå onsdag 9.februar 2013 opp FairPlay barneklubb. Frå kl.17.30-19.30 vil det vere ope i klubbhuset, og vaksenpersonar til å aktivisere barna. Anne-Britt er primus motor for prosjektet, og vil saman med andre vaksne stå for opplegget. Vel møtt!
"Vi er Selje", og står for aktivitet og trivsel. Vi har stort fokus på FairPlay noko som gjev klubben eit godt verdigrunnlag. Klubben ynskjer å stå for positive og inkludrande verdiar, og vi har plass til alle.
Selje er utruleg heldige som har så mange med hjertet i klubben og som dag etter dag legg ned eit fantastisk stykke arbeid både på treningsfeltet og ellers for den klubben vi alle er så glade i.
Og det å vere glade i og bry seg om kvarandre er kanskje den beste kvaliteten vi har. Det er liksom det som erSelje !
Så i januar 2013 kjem det eit nytt tilbod :-)Frå og med onsdag 9 januar 2013 og kvar onsdag framover vil det frå 17.30-19.30 vere ope i klubbhuset for ungane til spelarane på a-laget.
Vi startar med å ha dette tilbodet på ei av treningane i veka og så får vi sjå korleis det vert motteke. Vi må prøve oss litt fram .
Vi vil kjøpe inn nokre leiker, bøker og teiknesaker og så kan vi bruke kjøkkenet til å lage vafler , skjere opp frukt o.l.
Selje IL stiller med vaksenpersonar som vil ha ansvar for ungane, og tilbodet vil sjølvsagt vere gratis.
Vi veit det går med mykje tid til trening og kampar, og at det såleis kan verte mykje på damene. Difor vil vi freiste og sette heile familien i fokus slik at vi kan behalde spelarane som aktive så lenge som mogeleg. Vi passar ungane og mødrene kan gjere noko anna . Tanken er at fedrene kan levere ungane i klubbhuset før trening og hente dei der etter. Dersom mødrene vil vere med og møte andre kan dette rett og slett verte ein ny møtestad for små og store. FairPlay vil vere tema og gå som ein raud tråd også i dette tilbodet frå Selje IL . Enkle ting som respekt og det å vere høfleg har alle eit ansvar for å vidareføre. Så dette kan bli spennande................ VI ER SELJE !!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024