07.09: Selje-Eikefjord 3-1
Postet av Selje IL - Fotball den 7. Sep 2012

Det var ein svært glad Seljetrenar, Ola Hove, etter kampen: "I dag gjorde gutane ein formidabel kamp. Dette var ein lagseier, og det vart lagt ned ein fantastisk innsats frå samtlege. Eikefjord har berre tapt ein kamp før i år, så dette var sterkt. I dag hadde vi den gnisten og gutsen som vi må ha for å lukkast. Dette trengde vi verkeleg etter ein litt laber haustsesong. Dei unge spelarane våre stod fram, Martin og Are på midtbana sprang til "krampa tok dei". Ellers var det fullklaff med Joachim sentralt på midten, og Martin rydda opp i midtforsvaret i stor stil. Dette var veldig kjekt!"
1-0 15min Magnus Rye
1-1 19min Håvard Mjølkeråen (straffe)
2-1 50min Silviu Iacob
3-1 80min Martin Grøttå
Seljes lag: Erling Åbø, Vegard Elde, Martin Hove, Andreas Teigen, Espen P. Åhjem, Joachim Refvik, Are Berstad, Martin Grøttå, Joachim L. Træet, Magnus Rye, Silviu Iacob
Benytta reservar: Alexander Hove, Jonas Beitveit
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Martin Hove
Dommar: Kjell Alme, Sandane T&IL
Ass.dommarar: Stein Otto Førde, Breimsbygda IL og Muhammet Barlla, Eid IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024