01.06: Eikefjord-Selje 4-0
Postet av Selje IL - Fotball den 1. Jun 2012
2min 1-0
13min 2-0
77min 3-0
94min 4-0
Selje tapte 4-0 på grasbana i Eikefjord. Trenar Ola Hove seier at Eikefjord var betre enn Selje i denne kampen. "Vi fekk ei verst tenkjeleg opning med to tidlege mål i mot. Utover omgangen hadde vi eit par store målsjansar, men utan å lukkast. Starten av 2.omgang var bra. Men så kom 3-0 og då var det gjort. 4-0 kom på overtid. Eg er godt fornøgd med at gutane held humøret og står bra på i kampen, så får vi berre prøve å komme sterkare igjen neste gong, " seier Hove.
Seljes lag: Tor Erik Selvik, Vegard Elde, Rikard Rekdal, Martin Hove, Aleksander Kvernevik, Saron Osmundsvåg, Frode Nøstdal, Joachim L. Træet, Andreas Teigen, Espen P. Aahjem, Joachim Refvik
Benytta reservar: Kristoffer Nøstdal, Alexander Hove, Jonas Beitveit, Johannes Osmundsvåg
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024