20.05: Bremanger-Selje 2-0
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Mai 2012
Selje sine trenarar Idar Taklo og Ola Hove fortel om ein jamn kamp, der Bremanger var "hakket kvassare".
Vi var ikkje heilt på i starten, og så kom det eit litt uheldig mål i mot etter berre nokre minutt. Resten av omgangen var jamn med eit par sjansar til kvart lag, seier Taklo. I 2.omgang går Bremanger opp til 2-0, og vi klarer ikkje sette nok trykk på til å hente opp dette.
Vi hadde nokre sjansar til å score, og kunne kanskje plukka med oss eit poeng, men det var greitt at Bremanger vinn kampen. Marginane var ikkje heilt på vår side i dag, seier Ola Hove.
Seljes lag: Erling Åbø, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Andreas Teigen, Espen P. Åhjem (innb. Jonas Beitveit), Saron Osmundsvåg (innb. Idar Taklo), Vegard Elde, Martin Hove, Joachim Refvik, Martin Grøttå (innb. Joachim L. Træet).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024