13.05: Selje-Stadlandet 8-0
Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mai 2012
Selje utklassa i dag Stadlandet med 8-0, etter å ha leia 4-0 ved pause. Selje spelte ein svært bra kamp, der alle spelarane verkeleg leverte varene. Dagens Seljespelar, Joachim Refvik, med 4 mål var banens beste. Gledeleg også at 14-åringane Are Berstad og Magnus Rye scorar sine fyrste mål for A-laget. Dermed står Selje med 3 strake seiarar i starten av årets 5.divisjon, les meir under. Foto: Stig Høines, alt om kampen på: www.haugenfotball.no
Selje sine trenarar Ola Hove og Idar Taklo var strålande fornøgde etter kampen:
"I dag får vi verkeleg betalt for jobben vi i fellesskap har lagt ned i vinter og vår. Det var ein fin og fairspelt kamp. Spelarane våre var solide og konsentrerte i alt dei gjorde, og dei var fokuserte på arbeidsoppgåvene sine. Det var mange fine angrep og flotte mål som blei scora. Alle som er innpå gjer ein veldig bra jobb for laget", seier to nøgde Seljetrenarar.
Kampfakta:
1-0 6min Joachim Refvik
2-0 18min Joachim Refvik
3-0 22min Martin Hove
4-0 38min Joachim Refvik
5-0 49min Kristoffer Hove
6-0 59min Are Berstad
7-0 82min Joachim Refvik
8-0 93min Magnus Rye
Seljes lag: Erling Åbø, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Espen P. Åhjem (innb. Jan Kristian Apelseth), Saron Osmundsvåg, Martin Hove, Kristoffer Hove, Are Berstad, Joachim Refvik, Martin Grøttå (innb. Magnus Rye).
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik
Tilskodartal: 141
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024