30.04: Selje-Hornindal 2-0
Postet av Selje IL - Fotball den 30. Apr 2012
Før kampen starta hadde Selje sine 9 aldersfastlagde lag "kick-off" med innmarsj, før dommartrio, maskotar og dei to laga entra bana. Flott opptakt til kampen! Selje satsar også i år mykje på FairPlay, og det visest på stadion!
Selje fekk to lettkjøpte scoringar heilt i starten av kampen, og spelte ein god 1.omgang. Hornindal kom etter kvart betre med og kampen vart jamnspelt, med nokre sjansar til begge lag. Selje spelte ein dårlegare 2.omgang, og kampen var ikkje avgjort før dommaren bles i fløyta for full tid.
Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med fyrste omgangen og at alle tre poenga gjekk til heimelaget. "Det er kjekt å få ein god start på sesongen med seier", sa ein glad trenar etter kampen.
Kampfakta:
1-0 1min Saron Osmundsvåg
2-0 5min Jan Vidar Smenes
Seljes lag: Erling Åbø, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Vegard Elde (Are Berstad frå 65min), Saron Osmundsvåg, Kristoffer Hove, Martin Hove, Jan Vidar Smenes, Joachim Refvik, Espen P. Åhjem (Aleksander Kvernevik frå 65min).
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Erling Åbø
Tilskodartal: 131
Dommartrio: "Historisk" kamp på Selje Idrettspark i dag. Etter det vi kjenner til med den yngste dommartrioen som har dømt seniorkamp på dette nivået her i fylket nokon gong. Dei tre unge dommarane (på til saman 49 år!) gjorde ein god jobb.
Dommar: Vebjørn Nord Haugland
Ass.dommarar: Andreas Sandal og Runar Bjørhovde Heggedal
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024