03.10: Gaular-Selje 3-5
Postet av Selje IL - Fotball den 3. Okt 2010
Gaular gjekk hardt ut og pressa Selje fyrste del av kampen. Gaular gjekk opp til 1-0 etter 12minutt. Selje kom seg etter kvart meir inni kampen, og utlikna etter 34minutt ved Gaute Otnes. Berre eit minutt seinare tok Selje leiinga med scoring av Viktor Front. Dermed var Selje i føringa ved pause med 1-2.
"Vi var ikkje på høgde i deler av 1.omgang, men leia likevel. Vi var einige i pausen at vi skulle gå ut og vere positive, jobbe hardt og stå i lag. Vi heva oss i 2.omgang og spelte ein god omgang som vi styrte. Fleire fine angrep og kombinasjonar, som resulterte både i store sjansar og mål", fortel Idar Taklo.
Joachim Refvik auka leiinga til 1-3 etter 53minutt og det såg ut til at Selje skulle gå mot seier. Men etter 60 minutts spel spelte Gaular gjennom forsvaret som stod høgt i bana. Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim rykka ut og skulle klarere utanfor 16meteren. Men før keeper nådde ballen vart den skoten rett i handa hans. Dette tolka dommaren som at keeper forhindra scoring, og at han redda ballen med handa med vilje utanfor målfeltet. Dermed raudt kort og Selje måtte fullføre med 10 mann. Svært strengt idømt då Selje sin keeper ikkje kunne forhindre å bli treft av ballen som vart skoten frå kort hald.
Utespelar Joachim Refvik tok på seg keeperhanskane den siste halvtimen. Med ein spelar mindre auka likevel Selje til 1-4 etter scoring av Alexander Bickel. Då trudde dei fleste at kampen var avgjort, men slik gjekk det ikkje. Selje produserte fleire gedigne sjansar, men scora ikkje. I staden for var det Gaular som reduserte til 2-4 etter 89 minutt og 3-4 etter 92minutt.
Fleire frykta nok for ein reprise på fyrste seriekampen mot Askvoll/Holmedal då 3-0 leiing glapp på slutten, keeperutvising og 3-3. Men denne gongen greidde Selje å ro det heile i land. Gaute Otnes sette punktum med scoring etter 95 minutt, og Selje kunne juble for 3 velfortente poeng.
"Det vart frykteleg spennande på slutten. Men vi greidde å hale sigeren i land heldigvis. All ros til spelarane for at dei greidde å stå imot og hente heim ein velfortent seier", sa ein glad Seljetrenar.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Aleksander Kvernevik, Espen Nøstdal, Martin Hove, Andreas Teigen, Kristoffer Nøstdal, Alexander Bickel, Severin Rokne, Viktor H. Front, Joachim Refvik, Gaute Otnes.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024