25.04: Kaupanger-Selje 0-0
Postet av Selje IL - Fotball den 25. Apr 2010
Selje hadde fleire spelarar tilgjengelege denne helga, og mønstra ein større tropp og eit sterkare lag enn sist helg. To spelarar debuterte for Selje i dagens kamp: Snorre Kvalheim og Alexander Corneliussen. Begge kvitterte med flott innsats og ein godt gjennomført kamp.
Vi snakka med trenar Idar Taklo etter kampen:
"Vi er strålande fornøgde med kampen. Dette var som ein liten seier og det er godt å ta med eit poeng heim igjen. Vi løfta oss kraftig frå sist helg. I dag var det ein skikkeleg lagseier. Vi står i lag, jobbar og legg ned ein veldig bra innsats "over heile fjøla". Forsvarsrekka er solide, og det er trygt å ha Tom-Øyvind bakerst. Midtbana vår jobba knallhardt, og vi greier også å etablere spel oppe i bana", seier Taklo.
"Kaupanger var eit godt og aggresivt lag, men vi greidde å stresse dei. Dei hadde sine sjansar, og var særleg farlege på dødballar. Men vi hadde også våre sjansar, så slik sett meiner eg det er greitt med poengdeling. Dette var ein vanskeleg bortekamp, og det er sjeldan vi har reist frå Kaupanger med poeng", avsluttar ein fornøgd Seljetrenar.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Kennet Honningsvåg, Severin Rokne, Kristoffer Nøstdal, Snorre Kvalheim (Philip Hamann frå 75min), Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik.
Dette var Kennet sin siste kamp i Seljedrakta i denne omgang. Vi takkar for innsatsen, og ynskjer han velkommen tilbake! Lukke til på Stadlandet!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024