10.04: Askv/Holmedal-Selje 3-3
Postet av Selje IL - Fotball den 10. Apr 2010
Selje fekk ein del forfall inn mot kampen, og reiste med berre 12 spelarar. På pluss-sida kom Kennet Honningsvåg inn, då han vart speleklar i går. Han skal spele for Selje dei tre fyrste seriekampane, før han går til Stadlandet.
Selje kom godt i gong, og kunne gå til pause med 2-0 leiing. Selje auka til 3-0 i det 48min. Uheldigvis måtte Severin Rokne byttast ut pga ankelskade i det 60min. Stillinga heldt seg til det gjenstod ca. eit kvarter av kampen, og då trudde nok dei fleste at dette skulle bli bortesiger. Men den gong ei....i fotball kan alt skje....
Askv/Holmedal reduserte til 1-3 i det 76min. I minutta etter hadde Selje to kjempesjansar til å punktere kampen, men det vart ikkje mål. I staden fekk Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim sjå sitt andre gule kort for dagen etter 82min, og dermed raudt. Spiss Joachim Refvik måtte ta på seg keeperhanskane, og Selje måtte fullføre med 10mann.
Askv/Holmedal scora rett etterpå, dermed 2-3 og nerve i kampen igjen. Det røynde på for slitne Seljespelarar mot slutten av kampen, og trenar Idar Taklo gjorde comeback dei siste 7-8minutta som spelar. Det heldt nesten, men to minutt på overtid utlikna heimelaget til 3-3.
Vi snakka med trenar Idar Taklo etter kampen: "Klart det var bittert der og då å miste sigeren i sluttminutta. Men vi kan ikkje vere misførnøgde med poengdeling på bortebane, og når det vart som det vart. Askv/Homedal var godt med i heile kampen og hadde også sine sjansar, så det var vel ikkje ufortent at det enda med poengdeling."
"Vi hadde eit vanskeleg utgangspunkt før kampen med berre 12 mann disponibelt. Eg synest gutane stod skikkeleg fram i dag og kjempa heilhjerta. Hadde vi hatt fleire friske bein utovor kampen, kunne dette gått vegen," seier Idar Taklo.
Scoringar:
0-1 10min Gaute Otnes med skot frå 16-17m, etter at han hadde ført framover i stor fart.
0-2 30min Aleksander Kvernevik med skot på halv volley, frå 5-6 meter.
0-3 48min Gaute Otnes på straffe.
1-3 76min
2-3 82min
3-3 92min
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Nøstdal, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Phillip Hamman, Severin Rokne (Alexander Hove frå 60min), Kennet Honningsvåg, Gaute Otnes, Joachim L. Træet (Idar Taklo frå 85min), Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024