20.09: Selje-Askvoll/Holmedal 5-1
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Sep 2009
Det var Askvoll/Holmedal som fekk den fyrste store sjansen i kampen etter 3min. Men Tom-Øyvind Solheim parerte fyrst avslutninga, ballen gjekk ut i feltet og skotet vart redda på målstreken. Selje scora på sin fyrste sjanse i kampen etter 5min. Ole Andreas Solheim vart spelt fri på venstrekanten, avanserte framover, og skaut lavt og hardt i mål. Dermed 1-0 til heimelaget.
Kampen var jamnspelt og det bølga litt fram og tilbake. Endre Kupen hadde ein bra sjanse etter 20min med skot like utanfor, og Ole Andreas Solheim sende avgårde eit skot innanfor sekstenmeteren, men skotet vart blokkert av ein lang fot. I det 35.min knalla Ole Andreas "Oen" Solheim inn 2-0 via tverrliggaren. Same spelar hadde også eit skot frå skrå vinkel som traff utsida av stanga i det 40.min. Selje kunne gå til pause med 2-0 leiing, i ein forholdsvis jamnspelt omgang.
Askvoll/Holmedal skapte ny spenning i kampen i det 57.min, då eit innlegg mot bakerste stolpe vart heada i mål. Runar T. Aarsheim hadde ein stor sjanse etter 59min, då han "skrensa" eit innlegg like utanfor. Etter 65min fekk Selje frispark på sekstenmeteren, etter at keeper hadde teke ballen med hendene utanfor streken. Endre Kupen smelte frisparket i krysset og ut.
Etter 71min gjekk Selje opp til 3-1. Endre Kupen la ein perfekt corner, som hamna ut i feltet, der Andre Kupen stupheada frå 5meter rett i mål. Nokre minutt seinare la Endre Kupen igjen inn frå corner, Andre Kupen skaut men keeper redda og ut til ny corner. Igjen perfekt corner frå Endre, og ballen hamna til slutt hos Andre Kupen, som skaut ballen i mål via stolpen. Dermed 4-1 til Selje og kampen var i realiteten avgjort.
Men Selje skulle få endå ei scoring. Runar T. Aarsheim kom fri åleine med keeper etter eit innlegg og scora kontrollert. Dermed 5-1 til Selje etter 78min. Dette vart også sluttresultatet. Selje vann til slutt ein fortent seier, men Askvoll/Holmedal hang godt med i store delar av kampen, men skapte ikkje så mange store målsjansar.
Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med seieren. "Vi vinn fortent, og har god kontroll defensivt. Vi slit litt med å få flyt og presisjon i pasningsspelet, men vi scorar fem mål og tek tre poeng", seier Taklo.
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas Solheim
Publikumstal: 91
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Espen Nøstdal, Andre Kupen, Joachim Refvik, Kennet Honningsvåg (Kristoffer Nøstdal frå 65.min), Kenneth Pedersen, Runar T. Aarsheim, Kristoffer Hove (Aleksander Kvernevik frå 77.min), Ole Andreas Solheim, Endre Kupen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024