23.08: Fortent Sandane-seier
Postet av Selje IL - Fotball den 23. Aug 2009
Dei fyrste minutta var jamnspelte, men Sandane tok etter kvart meir og meir over. Men ein god Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim hindra scoring med fleire fine redningar. Etter 33min spel trilla Mads Wie ballen inn i det opne målet, etter ei uheldig klarering og 0-1. Ruben Wie scora i det 43min etter dårleg forsvarsarbeid. Begge scoringa var unødvendige, men Sandane hadde hatt fleire andre sjansar før pause og leia fortent. Selje skapte lite av klare målsjansar.
Etter 51min igjen ei god redning av Tom-Øyvind Solheim, etter skot frå kort hald. Selje hadde ein bra dobbelsjanse etter corner i det 54min. I det 59min vart ballen spelt langt og høgt mot keeper. Andre Kupen gjekk oppi duellen, og ballen datt ned i beina på Runar T. Aarsheim, som banka inn redusering til 1-2 frå 11-12meter. Det verka som Selje hadde fått igjen trua på poeng etter dette, og trykte bra på ein periode. Joachim Refvik hadde m.a. ei bra avslutning frå skrått hald, men keeper redda. Men Sandane heldt unna, og punkterte kampen i det 76min med ei ny scoring av Mads Wie.
Sandane var i periodar, særleg i fyrste omgang, mykje betre enn Selje og vann ein fortent seier. "Vi tapte mot eit betre lag i dag, sa Seljetrenar Idar Taklo etter kampen. Dessverre mangla vi også i dag sentrale spelarar, men frå neste veke av ser det lysare ut. Det er mange kampar igjen, og eg trur vi skal plukke bra med poeng framover."
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Nøstdal, Martin Hove, Espen Nøstdal, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Kristoffer Hove, Runar T. Aarsheim, Aleksander Kvernevik (Ken Olav Kupen etter 55min) , Frode Nøstdal, Andre Kupen.
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas Solheim
Publikumstal: 104
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024