16.08: Invitasjon Selje Tine-Fotballskule 4.-5.september
Postet av Selje IL - Fotball den 16. Aug 2009
TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.
Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 5.gong. Dei siste par åra har arrangementet samla ca. 130 deltakarar frå heile kommunen. Vi har igjen gleda av å invitere til:
SELJE TINE-FOTBALLSKULE
fredag 4. september kl. 17.30-20.30
lørdag 5. september kl. 12.00-16.00
Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2002) til og med 15 år (10.klasse, f.1994)
Pris: kr. 200,- pr. spelar som inkluderer flotte Tine-premiar og matservering. I tillegg får alle deltakarar iført Tine t-skjorte, gratis adgang på 4.div.kamp Selje-Skavøypoll søndag 6.september kl.15.00.
Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule. Fotballskulen vert avslutta med turnering.
Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna. Åpen kiosk begge dagar.
Påmelding: I tillegg til våre eigne spelarar, inviterer vi også spelarar frå Stadlandet IL og Flatraket IL til fotballskulen.
Påmeldingsfrist seinast innan fredag 28.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Har du mailadresse skriv på den også. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.
Påmelding: e-mail: ninarefvik@hotmail.comeller tlf./SMS til: 47 86 18 92
Info. og oppdateringar, følg med på vår heimeside: www.seljefotball.no
…………………………………………………..............................................
Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2009
Påmeldingsfrist: fredag 28.august!
Namn |
|
Fødselsår |
|
Klubb |
|
Spelar- eller keepergruppe |
|
Mobiltlf. |
|
|
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024