18.05: Flott 17.mai i Selje......
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Mai 2009
17.mai vart ein festdag i strålande sommarver. Selje IL stilte som vanleg i flaggborga, og A-lagsspelar Andreas Teigen heldt 17.maitalen.....
(Foto: Håkon Eltvik)
Lengst framme i 17.maitoget med Selje IL fana: Kjell-Magnar Flølo og "duskedamer" Susanne Vatnehol og Beate Hove. Bak kjem 12 spelarar frå Selje IL sine lag med flagg. Så følgjer toget på rekkje og rad med drill, skulekorps, barnehage, skuleklasser og alle andre....
Andreas Teigen, som spelar på Selje sitt A-lag, heldt 17mai-talen i år. Ein flott og reflektert tale! Andreas trekte mellom anna fram kor viktig fritidsaktivitetar som fotball og korps hadde vore og er for han. Han talte varmt om alt det frivillege arbeidet som vert lagt ned i bygda, for å skape aktivitetar og positive ting å vere med på for barn og unge.
Vi fekk også høyre frå det året han var i Kongens garde, og frå Danmark der han tek fysioterapi-utdanning.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024