21.10: Selje-Heracles 4-2
Postet av Selje IL - Fotball den 21. Okt 2008
Sterk vind og store nedbørsmengder både før og under kampen, la ikkje nokon dempar på humøret på spelarane mandagskvelden, når eit blanda Seljelag (3.div og 6.div) møtte Heracles (4.div. amatørliga) frå Nederland. Dei nederlandske spelarane synest det var "facinerande" og likte den ville naturen på Vestlandet.
Før kampen hadde alle spelarane fått regnjakke med påskrift Selje (Norway) vs Heracles (Holland) 20.10.2008, ei gåve frå Ruud de Jong og laget hans. Etter innmarsj, lagbilder osv. starta kampen i ausande regnver.....men spelebana var fin og vi fekk ein fin vennskapskamp......
Kampfakta:
1-0 13min Runar T. Aarsheim
1-1 19min Ties Jaarsma
2-1 21min Andre Kupen
3-1 46min Runar T. Aarsheim
4-1 50min Ole Andreas Solheim
4-2 51min Gys Dickers
Dommar: Johnny Træet
Seljes tropp til kampen: Runar Nøstdal, Rikard Rekdal, Alexander Hovedevik, Espen Nøstdal, Kjell Omar Åhjem, Joachim Refvik, Martin Hove, Espen Sandviknes, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Werner Kupen, Anders D. Rekdal, Sindre Jørgensen, Andre Kupen, Saron Osmundsvåg.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024