18.10: Selje til KM-finale
Postet av Selje IL - Fotball den 18. Okt 2008
Småjentelaget til Selje vann i dag 2 - 3 mot Kaupanger i dagens KM-sluttspel på kunstgraset i Kaupanger.
Stor jubel når dommaren satte sluttsignalet for kampen. |
Selje la ned ein stor innsats og viste god lagmoral i det som vart ein veldig underhaldande kamp på Kaupangerskogen i dag. Det vart spenning heilt til dommaren blåste av kampen, noko som førte til særs nervøse tilstandar på sidelinja i sluttminutta.
Det var eit godt fornøgd støtteapparat etter kampen: "Dette var ein veldig spennande kamp, syns vi var best igjennom kampen totalt sett. Vi har mange målsjansar, blant anna 3 sjansar som gjekk i stanga. Kaupanger var farlege på kontringar, men vi var kompakte bakover.
Selje kom godt i gang i dagens kamp og tok ein fortjent leiing tidleg i kampen ved Elise Sætren. I denne perioden skapte Selje mange målsjansar. Vi fekk sjå god jobbing defensivt og mange flotte angrep i løpet av kampen i dag.
Småjentene er dermed klare for KM-finale, der dei møter Gaular. Kampdato og tidspunkt kjem i neste veke.
Kampfakta:
18.10.2008 kl.14.00
Kaupanger - Selje 2 - 3
Kaupanger Kunstgras
0 - 1 Elise Sætren
1 - 2 Susanne Aarsheim
2 - 3 Hanne Bortne
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024