09.08: Nytt tap for Selje i Firdaligaen
Postet av Selje IL - Fotball den 9. Aug 2008
Selje var innstilt på å revansjere seg i dagens kamp og opna bra. Werner Kupen fekk nesten foten på ballen etter 5min, rett framfor mål. Så hadde Eid eit par farlege sjansar, m.a. etter at ein forsvarspelar heada tilbake og Eidspelar snappa ballen. Etter 18min får Eid utteljing. Ove Balsnes breisidar innlegget frå sida i mål. Berre to minutt seinare skyt Stian Sandal ballen rett i mål frå frispark, frå skrått hald utanfor 16meteren.
Selje var også farleg frampå, m.a Trond Hamre som vart spelt åleine gjennom av Ole Andreas Solheim, men avslutta på keeper. Etter 22min får Selje etterlengta scoring. Werner Kupen headar inn etter corner, og 1-2. Neste store Seljesjanse kjem etter flott raid på høgrekanten med Gaute Otnes. Han kjem seg heilt til dødlinja, men pasninga får Eid klarert ut. Dermed 1-2 til Eid ved pause.
Selje fekk ein fantastisk start på 2.omgang. Alt etter 1 min spel headar Werner Kupen inn 2-2, etter innlegg frå Trond Hamre. Tre minutt seinare er det ny Seljejubel. Trond Hamre vert felt innanfor 16meteren, og Kennet Honningsvåg set straffa sikkert i mål og 3-2. Sterk opphenting av Selje...og trua på poeng steig.... Men resten av kampen skulle bli eit mareritt av dei sjeldne....
Då Eid sin Kim Vik utlikna til 3-3 etter 28min, var det jamnt slutt. Selje gjekk opp i liminga, og Eid scora på alt som kom. Etter 30min 3-4 til Eid etter scoring av Kristoffer Aarskog, 32min 3-5 ved Kim Vik, 39min 3-6 ved Ove Balsnes, 47min 3-7 ved same mann.
Fyrste timen i dag var bra og kampen var jamnspelt. Men etter kollapsen på slutten vart det eit nytt stygt tap for Selje, som har 17 baklengs på to kampar, og som har fått den verst tenkelege starten på haustsesongen.
Dagens Seljespelar (kåra av jury): Werner Kupen
Tilskodartal: 205
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Kristoffer Hove, Jon-Aage Riksfjord, Gaute Otnes, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Runar Aarsheim, Trond Hamre, Werner Kupen, Andre Kupen.
Benytta reservar: Runar Nøstdal (for Joachim Refvik etter 67min), Frode Nøstdal (for Runar Aarsheim etter 78min), Martin Nygård (for Trond Hamre etter 87min), Alexander Wik (for Gaute Otnes etter 91min).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024