15.03: Selje - Volda 1-1
Postet av Selje IL - Fotball den 15. Mar 2008
![]() |
(Foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no) |
Flotte speleforhold då Selje i kveld spelte treningskamp mot Volda på heimebane. Pauseresultatet var 1-1, og dette stod seg kampen ut. Selje var nærast sigeren, etter å ha styrt mykje av det som skjedde i 2.omgang.
Volda var hakket betre enn heimelaget i 1.omgang og hadde dei største sjansane. Volda hadde eit stolpeskot, og eit par andre store sjansar der m.a. Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim var ute i feltet og stoppa skotet frå ein Voldaspelar som kom åleine gjennom. Volda tok leiinga 1-0 ved Espen Viddal etter 15 min. Ole Andreas Solheim utlikna til 1-1 på ei flott heading i det 40.min., etter eit godt angrep og innlegg frå Martin Hove.
I 2.omgang tok Selje over og pressa Volda bakover. Selje var best i denne omgangen og hadde fortent scoring på ein av sjansane. Werner Kupen hadde m.a. eit skot som small i innsida av stolpen. Samme mann vart spelt igjennom litt seinare, men avsutninga gjekk rett på keeper. Ole Andreas Solheim hadde også eit par susande langskot som nesten gav utteljing.
Alt i alt ein oppløftande og godt gjennomført kamp av Selje mot ein god motstandar.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Peter Bergesen, Andre Kupen, Kristoffer Hove, Ken Olav Kupen, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Werner Kupen.
Benytta reservar: Aleksander Kvernevik (kom inn for Runar Aarsheim) og Anders D. Rekdal (kom inn for Peter Bergesen).
Dommar: Ronny Stian Hopland
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024