17.12: Flott avslutning for juniorlaget
Postet av Selje IL - Fotball den 17. Des 2007
I ein jamn kamp som kunne bikka begge vegar, vart det til slutt Selje som trekte det lengste strået i siste kampen i vinterserien for i år. I flotte speleforhold i flomlyset på Selje Idrettspark, kunne publikum og spelarar juble for tre nye poeng etter 5-3 mot Tornado Måløy. Stillinga ved pause var 2-1 til heimelaget.
Juniorane gjennomførte ein god kamp og stod løpet heilt ut i kveld. Og endeleg hadde laget litt "tur" og fekk utteljing på sjansane. Akkurat det har dessverre mangla i dei tre fyrste kampane. Selje sine juniorar har vist at dei har vore på høgde med dei andre laga og kunne med betre utteljing, fort vore med og kjempa heilt i toppen av tabellen også i år. Kjekt var det uansett å avslutte serien med to sigrar.
Vi takkar Ola (trenar) og Anne-Britt (oppmann) for god jobb med juniorlaget i vinterserien.
Kampfakta:
1-0 Anders D. Rekdal
1-1
2-1 Aleksander Kvernevik
3-1 Ole Andreas Solheim
3-2
4-2 Anders D. Rekdal
4-3
5-3 Endre Kupen
Seljes lag: Aleksander Hovdevik, Sindre Jørgensen, Martin Hove, Ole Andreas Årvik, Asbjørn Losnegard, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Joachim Refvik, Aleksander Kvernevik, Endre Kupen, Anders D. Rekdal. Innbyttar: Frank Robert Åhjem
Dommar: Rune Haugland, Haugen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024