31.08: Seljetap i Hornindal
Postet av Selje IL - Fotball den 1. Sep 2007
Selje tapte 4-1 mot Hornindal, etter 2-1 til heimelaget ved pause. Selje tapte mot eit hardtkjempande heimelag, og sleit med å få i gang spelet på den ujamne grasmatta.
Selje visste at dette ville bli ein vanskeleg kamp, mot eit heimelag i poengnaud, som har fått styrka laget siste tida. Når kampen i tillegg vert lagt til gamlebana som både er smal og ujamn, var det ikkje duka for finspel i denne kampen.
Horindal kom klart best i gong og skapte sjansar i starten. Berre etter 8 min vart det 1-0 til heimelaget. Selje kom etter kvart betre med. Endre Kupen drilla rundt med Hornindalsforsvaret og scora frå spiss vinkel i det 29.min. Men berre fire minutt seinare får ein Hornindalsspelar stjernetreff på direkten frå 16meteren, og ballen går inn heilt nede ved stolpen. Fortent leiing til heimelaget til pause.
Selje starta 2.omgang bra og tok tak i banespelet. Men Hornindal var frampå med farlege kontringar etter lange oppspel mot spissane. Seljekeeper Tom-Øyvind måtte ut i full strekk etter 50min. og fekk slått til corner. Etter 66min ny 100% sjanse til heimelaget, Tom-Øyvind stoppa skotet frå ein Hornindalspelar som kjem åleine mot keeper. Men berre minuttet seinare er det klart for 3-1. Markeringssvikt i Seljeforsvaret, og heimelaget får ein lett jobb å putte ballen i mål etter innlegg mot bakerste stolpe. 4-1 til Hornindal kom etter 76min. , eit skot blir redda, men keeper gjev retur som blir putta i mål.
Selje hadde ballen mest i 2.omgang og prøvde å få i gang spelet, utan å lukkast heilt. Selje hadde nokre store sjansar og burde fått utteljing. Men det ville seg ikkje. Hornindal forsvarte seg godt, Selje sleit i duellspelet. Heimelaget var farleg frampå fleire gonger, som oftast etter lange oppspel, og vann til slutt ein fortent siger.
På ein dag då fleire var under pari på Selje, gjorde Kennet Honningsvåg og Runar Aarsheim ein god kamp på midtbana. Selje er framleis med i tetkampen i 4.divisjon, og møter Sandane på heimebane neste søndag.....
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Espen Nøstdal, Andre Kupen, Martin Hove, Kennet Honningsvåg, Runar Aarsheim, Kristoffer Hove, Runar Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Endre Kupen.
Benytta reservar: Henrik Aarsheim
Andre reservar: Anders D. Rekdal, Ruben Riksfjord
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024