10.06: 4.div. Sandane-Selje 2-0
Postet av Selje IL - Fotball den 9. Jun 2007
I toppkampen i 4.divisjon i dag tapte Selje 2-0 på bortebane mot Sandane, etter 1-0 ved pause.
Det var ein fartsfull og god 1.omgang av begge laga. Seljetrenar Idar Taklo seier at Selje like godt kunne leia til pause som Sandane. Selje hadde fem store sjansar i fyrste omgang, men det vart med den eine scoringa til Sandane etter 3min.
2.omgang vart langt dårlegare frå Selje si side, og Sandane var best i denne omgangen. Mot slutten kunne det blitt ny spenning etter ein kjempesjanse til Selje 10 min før slutt. Men marginane var ikkje med Selje i dag og kampen enda med 2-0 tap.
Vi lukkast ikkje heilt i dag, seier Idar Taklo. Men alle ære til Sandane for ein godt gjennomført kamp. Seljetrenaren framhevar keeper Tom-Øyvind Solheim som sitt lags beste i dagens kamp med fleire gode redningar.
Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Runar Aarsheim, Jon-Aage Riksfjord, Werner Kupen, Endre Kupen.
Innbyttarar: Roger Hamre, Atle Riksfjord, Martin Hove, Henrik Aarsheim
3min 1-0 Vidar Apelseth
62min 2-0 Vidar Apelseth
Gule kort: Kristoffer Hove
Bilder og kampreferat: www.haugenfotball.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024