20.05: 4.div: Selje vann 1-0 mot Lærdal
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Mai 2007
Selje var friske dei fyrste 10 minutta av kampen, men utan å få utteljing. Etter kvart kom Lærdal sterkare, og var farlegast frampå resten av omgangen i litt medvind. Spesielt dødballar og legg frå kanten skapte problem for heimelaget. Selje hadde eit par store sjansar mot slutten av omgangen. Endre Kupen burde fått straffe etter å ha blitt skubba overende innanfor 16 meteren, men dommaren vinka spelet vidare. Selje skulle scora rett før pause, då Ole Andreas Solheim hadde den største sjansen i omgangen. Etter eit flott Seljeangrep og legg inn for mål, smelte han ballen over tverrliggaren frå fem meters hold.
Andre omgang vart betre for Selje sin del. Ballen vart spelt meir langs bakken og mykje av spelet føregjekk på Lærdal sin halvdel. Spesielt Gaute Otnes skapte bry for Lærdal, når han kom fram på eit av sine mange raids frå backen.
Endre Kupen scora det einaste målet i kampen etter 65 min. Han skar inn frå venstrekanten og smelte av garde eit skot frå ca. 20 meter. Skotet sneia innom ein Lærdalforsvarar, og smatt inn i hjørnet til stor jubel for heimelaget.
Fleire scoringar vart det ikkje, og Selje kunne juble for tre nye poeng på heimebane.
Seljes lagoppstilling: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Frode Nøstdal, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Runar T. Aarsheim, Jon-Aage Riksfjord, Werner Kupen, Ole Andreas Solheim, Endre Kupen
Benytta reservar: Runar Nøstdal (88min for Runar T. Aarsheim), Atle Riksfjord (90min for Jon-Aage Riksfjord)
Dagens Seljespelar: Gaute Otnes
Gule kort: Endre Kupen, Jon-Aage + 2 til Lærdal
Dommar: Ole Jacob Endestad
Ass.dommarar: Mohammet Barlla, Alf-Tore Tvendeseter
Observatør: Svein Erik Hagen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024