05.05: Selje vann 5-0 mot Vik
Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mai 2007
Dagens målskorarar f.v.Gaute, Oen og Endre |
Etter flott innmarsj med Selje, Vik, dommar og maskotar var det klart for fyrste seriekamp på heimebane i år.
Begge laga famla litt i starten. Selje spelte ikkje nokon stor 1.omgang, men kunne gå til pause med komfortable 3-0. Fyrste scoringa kom etter 8 min, då Ole Andreas "Oen" Solheim stod umarkert på bakerste stolpe og heada inn corneren frå Endre Kupen. 2-0 kom berre to minutt seinare. I trengt posisjon innanfor 16 meteren klinka Endre Kupen knallhardt i vinkelen. 3-0 kom på straffe, etter at Endre Kupen vart felt. God dømming av Per Olav Erikstad då han fyrst let Selje få fordel og fortsette angrepet, for deretter å blåse straffe. Gaute Otnes var sikker frå 11-meteren.
Fyrste halvdel av 2.omgang var dårleg frå Selje, og med litt betre avslutningar kunne Vik redusert. Men Selje sine unge angriparar var ikkje ferdig for dagen. Etter at Selje hadde brent fleire 100% sjansar, var Endre Kupen framme med tåa i det 59.min og trilla ballen over streken og dermed 4-0 (denne scoringa kom etter at "Oen" flikka vidare eit innlegg som var på veg over målstreken, og det var usikkerheit om kven av dei som skal krediterast scoringa).
I det 78 min sende Ole Andreas Solheim avgarde eit langskot som keeper måtte gje retur på, og der var same spelar på plass og sette inn sitt andre mål for dagen.
Kampen ebba ut med 5-0 siger til Selje. Ein siger som kunne vore endå større etter fleire feite målsjansar i 2.omgang.
Ole Andreas Solheim vart av juryen kåra til "Dagens Seljespelar".
Trenar Idar Taklo var godt fornøgd med tre poeng på heimebane. "Vi spelar ikkje opp mot vårt beste, men i periodar var det mykje bra, med fine kombinasjonar i angrepsspelet."
To siste års guttespelarar fekk sin debut på A-laget i dag. Kai-Sindre Moldestad og Anders D. Rekdal vart bytta inn eit stykke ut i 2.omgang.
PS! Andre Kupen vart stygt i skada i ansiktet i ein duell midt i 1.omgang, og måtte berast av bana på båre av Røde Kors-personellet. Mange frykta det verste då han vart henta av ambulanse. Men etter meldingane i kveld, ser det heldigvis ut til å gå bra med Andre.
Seljes startoppstilling:
Tom-Øyvind Solheim
Gaute Otnes Andre Kupen Espen Nøstdal Kristoffer Hove
Runar Aarsheim Kennet Honningsvåg Jon-Aage Riksfjord
Ken Olav Kupen Ole Andreas Solheim Trond Sætren
Benytta reservar: Endre Kupen, Martin Hove, Kai-Sindre Moldestad, Anders D. Rekdal
Dommar: Per Olav Erikstad
8 min: 1-0 Ole Andreas Solheim
10 min: 2-0 Endre Kupen
25 min: 3-0 Gaute Otnes
59 min: 4-0 Endre Kupen
78 min: 5-0 Ole Andreas Solheim
Tilskodartal: 141 betalande
Dagens debutantar f.v. Kai Sindre Moldestad og Anders D.Rekdal |
Ein sleten Endre Kupen får god hjelp av Vik keeper Stig Roar Hovland. |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024