10.03: 6-0 til Selje over Blindheim 2
Postet av Selje IL - Fotball den 10. Mar 2007
![]() |
Selje og Gaute Otnes spelte ein god kamp i dag. |
Selje starta kampen friskt. Etter 10 minutt spel brente Endre Kupen straffe. Men straffebommen vart snart gløymt. Fire flotte mål av Endre i dag er veldig bra. Etter 1-0 ved Endre Kupen etter 30 minutt, rann måla inn bak ein fortvila Blindheim-keeper. Fire minutt seinare var Endre frampå igjen og 2-0. Og etter 38 minutt var det klart for hat-trick av Endre.
Berre to minutt seinare flott scoring av Ole Andreas Solheim og dermed 4-0. Omgangen vart avslutta med straffescoring av Gaute Otnes etter 44 minutt. Han sette straffa sikkert inn etter at han sjølv vart felt.
Selje "trilla ball i hatt" med Blindheim siste 30 minutta av 1. omgang. Spesielt den unge midtbanetrioen (dette må vere den yngste midtbana Selje har stilt med i seniorsamanheng gjennom tidene?), med Kennet Honningsvåg, Runar Aarsheim og Ole Andreas Solheim var gode. Flott omgang av heile laget, men det skal nemnast at høgreback Gaute Otnes spelte ein stor omgang med sine offensive raids.
Etter pause hadde ikkje Selje same flyten, men likevel full kontroll. Fire minutt før slutt sette Endre Kupen inn sitt fjerde mål for dagen.
Det var ein svært fornøgd Seljetrenar Idar Taklo som oppsummerte kampen slik: "Veldig godt gjennomført kamp. Siste halvtimen av 1.omgang var fantastisk, der vi spelte svært bra fotball. Sjølv om Blinheim 2 er ein divisjon under oss, er det ein stor jobb som skal gjerast før det står 6-0. 2. omgang var litt meir på det jevne, men med to tøffe treningar i beina i forkant er det kanskje ikkje så rart".
Kampfakta Selje-Blindheim 2: 6-0 (5-0) Bane: Herd kunstgras
30 min. 1-0 Endre Kupen, 34 min. 2-0 Endre Kupen, 38 min. 3-0 Endre Kupen, 40 min. 4-0 Ole Andreas Solheim, 44 min. Gaute Otnes (straffe). 86 min. 6-0 Endre Kupen.
Startoppstilling: Gaute Otnes, Martin Hove, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Endre Kupen, Ande Kupen, Jon Aage Riksfjord.
Innbyttarar: Anders D. Rekdal, Vidar Hagen, Kai-Sindre Moldestad.
--------------------------------------------------------------------------
Selje melder at det har vore ei flott treningshelg i Ålesund, både sportsleg og sosialt, med to treningar og ein god kamp. Laurdagskvelden står Man. United kamp, pizza og bowling på menyen. Det er kjekt å sjå at dei unge spelarane tek steget opp, og presterer så godt som dei gjer.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Kampar Selje IL, seriespel VÅR-sesong 2025
24.04.2025

Gåvemidlar til flomlysanlegg
22.01.2025

Årets FairPlay-spelarar
11.12.2024

Blå diplom til Sofie
02.12.2024

Årets dommarklubb 2024
02.12.2024